Tett gapet – meir pengar til Det Norske Teatret
Frå haustens store familiemusikal på Det Norske Teatret. Foto: Det Norske Teatret
Jon Fosse er tildelt Nobels litteraturpris, og seier sjølv: «Eg deler prisen med det nynorske språket.» Det Norske Teatret er den største nynorskinstitusjonen i landet.
Noreg og Oslo er så heldige at hovudstaden har to nasjonale teater – Nationaltheatret og Det Norske Teatret. Det siste spelar på nynorsk og norske dialektar. Det må ikkje undervurderast kor viktig utviklinga av nynorsk scenekunst er for nynorsken.
Både Nationaltheatret og Det Norske Teatret får statleg støtte til drifta, og slik har det vore sidan 1991, det året staten aleine tok over dette ansvaret. Den gong var begge teatera likestilte i støtta dei fekk frå staten. Men i åra som har gått etter det, har Nationaltheatret drege frå, slik at Det Norske Teatret i dag får omlag 25 millionar kroner mindre i året.
Vi unner Nationaltheatret kvar krone dei får frå staten, og heiar på dei. Men Det Norske Teatret har eit særskilt språkpolitisk oppdrag som korkje Nationaltheatret eller andre teater har: å vere det nynorske nasjonalteateret og med det å vere ein grunnpilar for den nynorske språkkulturen.
Det Norske Teatret er eit nyskapande og framsynt teater som både viser klassikarar og set opp nye norske og utanlandske stykke. Men eit førsteklasses teater kjem ikkje av seg sjølv. Det krevst dyktige folk til å drive teateret – både kunstnarleg, praktisk og administrativt, og det krevst gode lokale å driva i, men heller ikkje det er nok. Det krevst òg at teateret får gode og føreseielege økonomiske rammevilkår for drifta.
Teaterpolitikken er språkpolitisk viktig, ikkje minst for nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Skipinga av Det Norske Teatret i 1912 var i seg sjølv eit utslag av kor viktig eit eige nynorsk teater var for eit nytt norsk skriftspråk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.