Tett gapet – meir pengar til Det Norske Teatret
Frå haustens store familiemusikal på Det Norske Teatret. Foto: Det Norske Teatret
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Statsstøtte
Jon Fosse er tildelt Nobels litteraturpris, og seier sjølv: «Eg deler prisen med det nynorske språket.» Det Norske Teatret er den største nynorskinstitusjonen i landet.
Noreg og Oslo er så heldige at hovudstaden har to nasjonale teater – Nationaltheatret og Det Norske Teatret. Det siste spelar på nynorsk og norske dialektar. Det må ikkje undervurderast kor viktig utviklinga av nynorsk scenekunst er for nynorsken.
Både Nationaltheatret og Det Norske Teatret får statleg støtte til drifta, og slik har det vore sidan 1991, det året staten aleine tok over dette ansvaret. Den gong var begge teatera likestilte i støtta dei fekk frå staten. Men i åra som har gått etter det, har Nationaltheatret drege frå, slik at Det Norske Teatret i dag får omlag 25 millionar kroner mindre i året.
Vi unner Nationaltheatret kvar krone dei får frå staten, og heiar på dei. Men Det Norske Teatret har eit særskilt språkpolitisk oppdrag som korkje Nationaltheatret eller andre teater har: å vere det nynorske nasjonalteateret og med det å vere ein grunnpilar for den nynorske språkkulturen.
Det Norske Teatret er eit nyskapande og framsynt teater som både viser klassikarar og set opp nye norske og utanlandske stykke. Men eit førsteklasses teater kjem ikkje av seg sjølv. Det krevst dyktige folk til å drive teateret – både kunstnarleg, praktisk og administrativt, og det krevst gode lokale å driva i, men heller ikkje det er nok. Det krevst òg at teateret får gode og føreseielege økonomiske rammevilkår for drifta.
Teaterpolitikken er språkpolitisk viktig, ikkje minst for nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Skipinga av Det Norske Teatret i 1912 var i seg sjølv eit utslag av kor viktig eit eige nynorsk teater var for eit nytt norsk skriftspråk.
I samband med førebuinga av den nye språklova, som tok til å gjelde i 2022, uttrykte Kulturdepartementet: «I dag er Det Norske Teatret den største nynorskinstitusjonen i Noreg. Det Norske Teatret spelar ei vesentleg rolle for å fremje nynorsk og gje språket ein sentral posisjon i samfunnet. Teateret gjer nynorsk tilgjengeleg for et breitt publikum gjennom eit mangslunge teaterrepertoar, irekna eit populærkulturelt tilbod av musikalar omsette til nynorsk.»
I språklova heiter det blant anna at lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk, og at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket.
Den språklova og den språkpolitikken som Stortinget har slutta seg til, må forplikte politikarane. Venner av Det Norske Teatret og Målpolitisk råd ved teateret meiner derfor at det er på høg tid at Det Norske Teatret blir likestilt med Nationaltheatret når økonomisk støtte frå staten skal fordelast.
Heller ikkje i forslaget til statsbudsjett for 2024 tok regjeringa dei naudsynte grepa for å tette gapet mellom Det Norske Teatret og Nationaltheatret.
No er det opp til Stortinget å rette på dette.
Løyvingane til Det Norske Teatret må aukast, og gapet må tettast!
Astrid Versto er leiar i Venner av Det Norske Teatret. Kjetil Aasen er leiar i Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.