Syn og Segn om Finn-Erik Vinje
I biografien om Finn-Erik Vinje, tillegg Per E. Hem meg hensikter han trur eg hadde.
Professor Finn-Erik Vinje.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Les også
Forhåpentleg siste gongen
Les også
Finn-Erik Vinje.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Uvilje hos målaktivistane
Les også
Per E. Hems biografi om Finn-Erik Vinje har ført til debatt.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Tvisyn med skylappar
Les også
Biografen En språkets mann om Finn-Erik Vinje, skriven av Per E. Hem skaper debatt.
Foto: Morten Holm / NTB
Det trengst meir tvisyn i språkdebatten
Les også
Professor emeritus Finn-Erik Vinje laga eit framlegg til Grunnlova på eit meir moderne bokmål i 2014.
Foto: Berit Roald / NTB
Språkdommaren in persona

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Sakprosa
«Det er Finn-Erik Vinje.» Røysta i telefonen var roleg. Det var 21. september 1988, klokka tikka mot 13.00, borte i Trondheimsvegen i Oslo dundra ein blåtrikk.
Over ei heilside hadde Dagbladet same dagen omtalt ein kritisk artikkel av Tove Bull om den språkpolitiske makthavaren Finn-Erik Vinje i det nye nummeret av Syn og Segn. Til avisa hadde eg sagt at Vinje ikkje nådde lenger enn til å bli varamedlem i Norsk språkråd. Mannen i telefonen peika roleg på at det ikkje stemte. Han var fast medlem dei første åra frå 1972. «Ja, hva vil du gjøre med dette, da?» Eg skal få retta feilen snarast råd, svara eg, og Dagbladet trykte retting to dagar etter.
Vinje er ein smart fyr og tok ein gerhardsen. Då Per Øyvind Heradstveit gav ut den uautoriserte biografien Einar Gerhardsen og hans menn i 1981, var slike bøker uvanlege i Noreg. Landsfaderen nytta eit intervju om boka i Dagsrevyen til å peike på eit par feil i boka. Det var nok til å desavuere forfattaren og gjere boka irrelevant.
I den biografien om Vinje som Arild Bye melde i Dag og Tid 23. februar, har Per E. Hem brukt åtte boksider på Bulls artikkel. Denne artikkelen utstyrte eg med ti portrett av Vinje gjennom tre tiår. Det første var eit bryllaupsfoto frå 1960. No seier eg: Finn-Erik Vinje, eg er lei for at Syn og Segn trykte det biletet.
Då eg no las om att artikkelen av Tove Bull, var den endå betre enn slik eg hugsa den. Hem psykologiserer og kallar artikkelen eit karakterdrap. Han ser bort frå at dette var ein av fleire artiklar i tidsskriftet om sentrale meiningsdannarar med uformell og reell makt. Med Bulls eigne ord var artikkelen «ein saklig og kritisk artikkel om den språkpolitiske makta denne mannen har» i den utovervende verksemda hans. Så sakleg var ho at Vinje fekk manuskriptet seks veker før det var trykt. Der kunne han lese at «Vinje er ein betre journalist enn lingvist».
Ottar Grepstad
Berit Roald / NTB
«God sakprosa om samtida krev meir enn utvalde skriftlege kjelder.»
Hem er på fornamn med den biograferte og kjem til at artikkelen «bidro ganske sikkert til at Finn-Eriks posisjon på språkfeltet gradvis kom til å bli svekket». Var artikkelen så viktig, burde biografen ha brydd seg med å snakke med dei som stod bak. Då kunne han ha fått med både telefonsamtalen og orsakinga i boka. God sakprosa om samtida krev meir enn utvalde skriftlege kjelder, men mellom dei 19 munnlege kjeldene hans er verken Tove Bull eller eg.
Dermed går Hem rett i intensjonsfella. Ein sakprosaforfattar kan ikkje gå inn i hovuda på folk, men både her og andre stader i boka fortel Hem kva folk har tenkt. Han tillegg meg hensikter han trur eg hadde. «Skulle det være håp om å få røsket opp i saken, måtte artikkelen fremstå som litt slem», skriv Hem som sjølvdikta forklaring på bileta i artikkelen.
To trådar av lin gjennom dei fem årgangane mine av Syn og Segn var ei klassisk forståing av retorikk og ein mediepolitisk biletkritikk. I 1988 hadde eg alt laga eit stort dobbeltnummer om foto. På denne tida var biletanalyse eit ganske nytt fagfelt i allmenta. Eg laga ikkje ei biletforteljing om Vinje for å oppnå merksemd, men for å vise kva bilete kan seie som ein gjerne ikkje tenkjer over.
Alt då nummeret var i sal, forstod eg at Tove Bulls skarpt tenkte og grundig dokumenterte artikkel hadde fortent å bli trykt utan eit einaste foto. Vinjes «skin av sakligheit må møtas med reell sakkunnskap og sakligheit», konkluderte ho. Nettopp. Biletforteljinga mi gjorde det mogleg å spore av både for professorar på Blindern i 1988 og ein skriftbunden biograf i 2024. Den typen maktkritisk analyse Tove Bull skreiv, har altfor få gjort seinare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.