Politikk
– Alvorleg brot på opplysningsplikta
Daverande utanriksminister Ine Eriksen Søreide sende ikkje varsel om unge, vakre kvinner på kortvarige opphald ved IPI da Riksrevisjonen bad om dokumentasjon før gransking.
– Dette framstår som eit alvorleg brot på opplysingsplikta overfor Riksrevisjonen, som er Stortingets kontrollorgan, seier Jan Fridthjof Bernt, professor emeritus i offentleg rett.
Seinhausten 2019 mottok Utanriksdepartementet varsel om at unge, vakre kvinner frå Aust-Europa var innom International Peace Institute (IPI) i New York berre for ein kort periode. Ein tilsett ved IPI varsla UD om dette. I notatet heiter det: «Disse traineene var alle unge, vakre kvinner, uten den nødvendige utdannelsen til å arbeide ved tenketanken. De hadde kort opphold ved IPI, hvor de også besøkte FN-bygningen og ble tatt bilde av der. Disse bildene ble sendt Mr. Epstein» (Aftenposten 7. februar 2026).
Statsråden visste
Ine Eriksen Søreide, som var utanriksminister frå 2017 til 2021, er ein av dei få som har visst om varselet mot Terje Rød-Larsens tankesmie IPI heilt sidan 2019. Da UD og ho som utanriksminister mottok varselet frå den tilsette i IPI, såg dei på det som ei politisak, og sende saka over til Riksadvokaten. Derfrå vart saka send vidare til FBI.
Ved eit samanfall i tid, sette Riksrevisjonen i gang gransking av tildelingane frå UD til IPI samstundes. Bakgrunnen var opplysningar om at det var veikskapar eller feil i sakshandsaminga ved tildelinga av tilskot til IPI, og at det kunne ligge føre særeigne forhold som var eigna til å svekke tilliten til upartisk vurdering. Det var også fleire oppslag i media som påverka avgjerda.
Til saman mottok IPI 130,6 millionar kroner i støtte frå Noreg i perioden 1997–2018, 116 millionar dei 15 åra Terje Rød-Larsen var leiar. I løpet av dei åra han leia tankesmia, 2005–2020, mottok han 6,7 millionar dollar i løn. Med den til kvar tid gjeldande dollarkursen tilsvarer det om lag 45 millionar kroner. Dei siste åra låg årsløna på rundt 5 millionar kroner, ifølgje amerikanske skattestyresmakter.
Bad om informasjon
I januar 2020 var det eit møte mellom Riksrevisjonen og UD. Der overleverte Riksrevisjonen ei liste over alt dei bad UD legge fram til granskinga. Riksrevisjonen bad om alle relevante avtaler og dokument om IPI i perioden 2005–2020. Svaret kom frå UD den 21. februar 2020.
Som Dagens Næringsliv også har avslørt, fekk Riksrevisjonen aldri opplysningar om det alvorlege varselet som var oversendt til Riksadvokaten. På spørsmål frå Dag og Tid svarer kommunikasjonsrådgjevar Stian Fjelldal i Riksrevisjonen i ein e-post: «Vi fikk ikke oversendt noen informasjon om varselet som daværende utenriksminister Ine Eriksen Søreide mottok i 2019 om jentene som fikk jobb i IPI.»
På grunnlag av den informasjonen UD oversende, valde Riksrevisjonen å konsentrere seg om åra 2007–2012.
På grunnlag av den informasjonen UD oversende, valde Riksrevisjonen å konsentrere seg om åra 2007–2012. Dei åra Børge Brende og Ine Eriksen Søreide var statsrådar i UD, vart dermed ikkje granska. I rapporten heiter det: «Revisjonen er avgrenset til perioden 2007–2012 på grunnlag av informasjon fra Utenriksdepartementet og Riksrevisjonens egen risikovurdering.»
Riksrevisjonen vurderte altså åra 2007–2012 som mest risikofylte. På spørsmål fra Dag og Tid om Riksrevisjonen hadde tatt ei anna avgjerd og revidert heile perioden fram til Rød-Larsen gjekk av, om dei hadde fått annan informasjon frå departementet, svarer Stian Fjelldal i Riksrevisjonen: «Vi kan bare konstatere at vi ikke fikk informasjon om varselet den gangen. Hvorfor vi ikke fikk det, og hvilke vurderinger som lå bak, må UD selv svare for.»
Urovekkande
– Det som kom fram i varselet, var sterkt urovekkande, og det er rimeleg å tru at Riksrevisjonen kunne ha funne grunn til å utvide rammene for undersøkinga om dei hadde fått denne informasjonen, seier professor Bernt.
Ine Eriksen Søreide melde seg inhabil i saker som gjaldt Mona Juul, sidan dei var venninner, men ho melde seg ikkje inhabil i saker som gjaldt Juuls ektefelle, og unnlét altså å informere Riksrevisjonen om varselet frå IPI der ektemannen til venninna var president.
I juni 2021 kom Riksrevisjonens rapport om IPI, der UD fekk sterk kritikk. Riksrevisjonen konkluderte med at det var monalege veikskapar i departementets sakshandsaming, kontroll og oppfølging av tilskota til IPI. UD hadde ikkje sørgt for at nødvendige habilitetsvurderingar hadde blitt gjennomførte.
Etter at rapporten vart lagd fram, fremja Raudt og Frp i mars 2022 forslag om å granske heile perioden IPI fekk overført midlar. Forslaget fekk støtte berre frå Frp, Raudt og ei stemme frå SV.
Viser til UD
Dag og Tid har sendt spørsmål til Ine Eriksen Søreide om kvifor ikkje Riksrevisjonen fekk informasjon om varselet som vart sendt til Riksadvokaten. Ho har også fått spørsmål om å kome med tilsvar på kommentarane til Jan Fridthjof Bernt i denne saka. Søreide svarer gjennom pressekontakten Cato Husabø Fossen: «Vi henviser disse spørsmålene til Utenriksdepartementet. De er best i stand til å besvare dette.»
Ine Eriksen Søreide overlèt såleis til UD å svare på om ho som statsråd har forsømt informasjonsplikta si overfor Stortingets kontrollorgan, Riksrevisjonen.
Dag og Tid har sendt spørsmåla, saman med svaret frå Ine Eriksen Søreide, over til UD utan å ha fått svar.