Svar til Tjønns innlegg i nr. 34
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
«Ikke tida for å forstå, men for å fordømme», sa tidlegare utanriksminister Ine Marie Eriksen. Dette reagerte tidlegare toppdiplomat Kai Eide på i Klassekampen 25. mai: «Vi må våge å se bakover, i dag er det blitt veldig liten plass til å fortelle historien, rett og slett», seier han.
Det måtte vel vera ei hovudoppgåve å hindra utviklinga som har ført til den tragiske krigen. (Å forklåra er ikkje å forsvara Putin.) Om dette skreiv tidlegare NUPI-sjef Sverre Lodgaard ein kronikk i Aftenposten den dagen Ukraina vart invadert: «Hva førte Europa inn i dette uføret? Vi må snu noen steiner i egen leir. [...] Hadde samarbeidet på begynnelsen av 1990-tallet fortsatt – for første gang siden 1946 fungerte FNs sikkerhetsråd slik pakten foreskrev – kunne kanskje de sikkerhets- og sivilisatoriske hensynene latt seg forene.» Men det skjedde endringar i amerikansk politikk i 2001, då dei nykonservative kom inn i Det kvite huset.
Då fekk diplomatiet «et skudd for baugen, og nå var USA alene konge på haugen. Ingen gjorde dem rangen stridig», seier Lodgaard: «Den nye administrasjonen rådførte seg ikke med andre, slik president Bill Clinton hadde hatt for vane. Det var ingen grunn til å ta spesielle hensyn til russerne, for de lå i grøfta og kunne ikke gjøre stort.»
«Ukraina må være en bro mellom øst og vest», skreiv realpolitikar Henry Kissinger i Washington Post.
Det undrar meg at Halvor Tjønn gjeng utanom Vestens medansvar. Korleis ville han hjelpa Ukraina for å hindra krigen?
Tjønn legg hovudvekt på at Russland er «ein militarisert stat». Det er ikkje Russland åleine om! 22. august hadde Aftenposten ein artikkel om dette: «USAs forsvar kan sammenlignes med en egen nasjon». Kjelda er Terje Bruøygard, ein kjennar av forsvaret i USA. «Når vi nordmenn snakker om ‘homeland defence’», seier han, «tenker vi på forsvar av norsk jord. USAs homeland defence inkluderer det fremskutte forsvaret de har i Europa, Asia, Sør-Amerika, Afrika og Arktis. Soldater, i det hele tatt folk i militæruniform, nyter gjennomgående stor respekt.» USA har 800 basar i 80 land, no òg i Noreg.
Halvor Tjønn har fortalt i historia si kvifor Russland vart ein militarisert stat. Men kvifor har USA vorte det? Einaste gongen USA har hatt åtak, var frå Japan 6. desember 1941. USA er militarisert for å halda på sitt økonomiske verdsherredøme. No vert dette utfordra av Kina, som ikkje trugar USA med militært åtak. Kvifor åtvara Eisenhower mot «det militærindustrielle kompleks» då han gjekk av som president?
Den amerikanske kapitalismen er aggressiv. Våpenindustrien tener pengar som aldri før.
Demokrati og menneskerettar er ikkje det viktigaste for USA. Ein stødde brutale diktatur i Sør-Amerika, styrta presisdent Allende i Chile, og ein fekk Pinochet. Offisersjuntaen i Hellas (1967–1974) vart òg stødd av USA.
Målet til USA er å gjera Russland «varig svekket». Dette seier ein beint fram. Og tidligare CIA-sjef og forsvarsminister i USA, Leon Panetta, har sagt at «det er en stedfortrederkrig med Russland, enten vi sier det eller ei».