Russland – ein militarisert stat
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Fyrst av alt vil eg takka Hallvard Hegna som sende meg nokre viktige spørsmål i førre utgåve av Dag og Tid. Det spørsmåla til Hegna handlar om, dersom eg tolkar han riktig, er i kor stort monn dei evige krigane, fyrst mot mongolane, sidan mot tatarar, tyrkarar, polakkar, svenskar, tyskarar og franskmenn, har forma russisk historie. Ein kan stilla spørsmålet om ikkje omverda er å lasta fordi ein gjennom eit utal av åtak på Russland har skapt ein militarisert stat, som me no ser utfalda seg i Ukraina?
Spørsmålet er interessant og viktig, ikkje minst sett i ljos av den grunnleggjande konflikten me ser i dag mellom Vesten og Russland. Det er klart at om ein sit i Moskva, eller om ein sit i Paris, London eller Oslo, så ser røyndomen heilt ulik ut. I Europa har me – riktig nok fyrst etter 1945 – lært at tryggleiken på det europeiske kontinentet må vera felles, og at ein krig mellom europeiske makter kan vera byrjinga til slutten.
I Russland har haldningane vore heilt annleis. Den militariseringa av samfunnet som eksisterte i tsartida og i Sovjet-tida, lever framleis. Ein såg det tydeleg når ein var i Moskva før Gorbatsjovs tid: Dei fleste hadde dårlege klede og dårlege sko og hadde vanskar med å finna tilstrekkeleg med mat i butikkane. Dei mange, mange militære i gatene i Moskva var dressa opp i dei aller beste uniformene og mangla ikkje noko. Denne prioriteringa av det militære spegla den eldgamle russiske tankegangen: Berre ved å dominera grannelanda kunne Russland ha full tryggleik. Helst måtte det stå russiske soldatar på båe sidene av grenselina, både på den russiske og på den polske, den tsjekkoslovakiske og den ungarske sida av grensa. Då måtte hæren vera den sentrale institusjonen i samfunnet.
Slik var det ikkje minst under Stalin. Men Stalin var komen til Berlin og herska over halve Europa. Det var nok kanskje tvilsamt om han sysla med planar om å leggja meir av kontinentet under seg. Poenget var likevel at militariseringa av samfunnet heldt fram i Russland. Alt på 1950-talet skjønte tyskarar og franskmenn at det ikkje blei nye fransk-tyske krigar. I Russland blei derimot tanken om krig halden ved like.
Mikhail Gorbatsjov og Boris Jeltsin freista å endra denne militaristiske haldninga. Putin, på si side, har vekt til live dei gamle straumdraga i samfunnet. Sjølv om alle visste at Nato ikkje hadde planar om å invadera Russland, snakka regimet etter 2005 stadig oftare om trugsmålet frå Vesten.
Min tese er at dette har si årsak i Putin-regimets trong til å halda seg ved makta. Som nesten alle russiske regima i historia er Putin-regimet eit korrupt diktatur som treng ein ytre fiende. No i dag er fienden Ukraina, men om eit år eller to kan det vera Noreg, Finland eller Estland. Om regimet på den andre sida erklærte at ein ikkje har nokon ytre fiende, vil altfor mange menneske i Russland spørja kvifor ein ikkje kan ha full ytringsfridom og frie val i Russland, slik som i Vesten. Då fell Putin-regimet, og koryfeane hans mister alle slotta, datsjaene og alle bankkontoane på Caymanøyane.
Så her er det korte svaret mitt: Korrupsjon og maktmisbruk, sjølve Putin-regimets raison d’être, fremjar krig. Demokrati fremjar fred. Det er nokre unntak frå denne regelen (til dømes Irak 2003!), men som hovudtese held han fortsatt vatn.
Difor vil eg svara slik på Hegnas spørsmål om vestleg politikk er ei årsak til krigen i Ukraina: Ja, politikken vår freista Putin inn i krigen. Men det var fordi me ikkje støtta Ukraina nok etter at landet for nokre år sidan fekk eit ikkje-korrupt, demokratisk regime.