Svar til Berg-Nordlie og Todal

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

25. februar hadde Unni Jakobsen eit lesarbrev som svar på ein artikkel i Dag og Tid om reindrift. I to svar påviser Mikkel Berg-Nordlie og Jon Todal fleire feil i artikkelen til Jakobsen.

I tillegg stiller dei spørsmål ved kvifor Dag og Tid lèt to spørsmål frå Jacobsen koma på trykk: «Passer samisk reindrift i en sivilisasjon? Har samisk reindrift legitimitet i Norge?»

Eg er samd i kritikken frå Berg-Nordlie og Todal – spørsmåla framstår upassande og skulle ikkje ha kome på trykk slik dei gjorde. Det fyrste spørsmålet kan i verst meining tolkast som om samisk reindrift i seg sjølv er usivilisert.

Grunnen til at spørsmåla likevel kom på trykk, var at eg las for raskt og ikkje beit meg merke i det upresise i spørsmåla. Til dømes kan ein ikkje avgrensa samisk reindrift til éi særskild driftsform, når det tvert imot er mange ulike former for samisk reindrift, fellesnemnaren er at ho er samisk.

Eg tolka uansett det fyrste spørsmålet sosiologisk: altså om samisk reindrift er sosioøkonomisk funksjonelt i eit moderne samfunn i dag. Eg meiner at svaret på det er ja, men det tyder ikkje at spørsmålet, slik eg tolka det, ikkje er legitimt å stilla.

Kva så med spørsmålet om samisk reindrift har legitimitet i Noreg? Igjen er det eit upresist spørsmål. Gjeld spørsmålet om samar som etnisk gruppe i det heile bør driva reindrift, eller gjeld spørsmålet sjølve driftsformene – altså måten samar driv reindrift på?

Den første tolkinga, om samar som etniske gruppe kan driva reindrift, er eit uakseptabelt spørsmål. Men den andre tolkinga, å stilla spørsmål ved om måten samar driv reindrift på, har legitimitet i Noreg, slik eg tolka det, er eit spørsmål ein må kunne stilla. Altså om drifta til dømes er økonomisk eller økologisk fornuftig.

Todal skriv at «nøkkelordet her er ‘samisk’, for norsk reindrift meiner ho er greitt», og spør om kva Dag og Tid ville ha gjort om det i staden for ‘samisk’ hadde stått ‘jødisk’. Altså: «Passer jødisk butikkdrift inn i en sivilisasjon? Har jødiske butikker noen legitimitet i Norge?»

Men den samanlikninga er problematisk. Det er opplagt at alle må kunna driva butikk i Noreg – utan omsyn til etnisitet. Samisk reindrift og reinbeiteområde er derimot knytt til visse grupperettar, jf. lov om reindrift, der personar med samisk ætt har særlege rettar til reinmerke.

Eg meiner reindriftslova er fornuftig for å sikra at reindrifta «bevares som et viktig grunnlag for samisk kultur og samfunnsliv», og der denne særretten til det samiske folket i reindriftslova vert knytt til «alders tids bruk» i områder «hvor reindriftssamene fra gammelt av har utøvet reindrift», som det står i lova.

Men legitimiteten, eller grunnlaget, til desse rettane må ein kunne diskutera på fritt grunnlag. Like eins spørsmålet om ikkje alle norske statsborgarar skal ha dei same plikter og rettar, og at ingen grupper har rett til særrettar av noko slag.

I alle høve skulle eg ha gjeve Jakobsen melding om å presisera kva ho meinte med spørsmåla sine. Og eg skulle ha faktasjekka artikkelen betre, slik at feilaktige påstandar ikkje kom på trykk. At så ikkje skjedde, kan eg berre seia meg lei for.