Svar om BitcoinBitcoinJon HustadSvein Ølnes frå Vestlandsforsking meiner i førre avis at eg har fleire feil i mi sak om

Publisert

Svein Ølnes frå Vestlandsforsking meiner i førre avis at eg har fleire feil i mi sak om bitcoin, og spør om eg er for eit «elpoliti som skal overvaka alle digitale tenester?». Eg har aldri skrive det og aldri meint det. Svaret er altså nei.

Ølnes skriv om bitcoin at «energibruken går til å sikra systemet og gjera det til verdas sikraste ope IT-system. Betalinga i form av nye bitcoin er berre ein bonus for arbeidet.» Bitcoin-betalinga er sjølve grunnen til at folk grev etter bitcoin. Utan denne betalinga hadde vi ikkje hatt denne ekstreme energibruken og ureininga, for då hadde ikkje nye bitcoin vorte laga.

Ølnes skriv, for å visa kor feil eg tek, at: «Dersom vekslingskursen på bitcoin går ned, vil energiinnsatsen også gå ned over tid.» Ja, sjølvsagt, for då får ikkje folk godt nok betalt for den ekstreme energibruken og sluttar å laga bitcoin. Ølnes meiner altså at det å laga bitcoin berre er ein bonus, men at dersom ein ikkje får den same bonusen, sluttar ein å laga nye bitcoin. Eg er heilt samd i siste delen.

«For det tredje er ikkje bitcoin anonymt», skriv Ølnes, «men kan koplast til opphavspersonar via IP-adressa». Dette er tøvete. Det er ikkje personar som har IP-adresse, det er maskiner. Sit du i eit anna land og nyttar ei maskin som er registrert på ein annan, er du i praksis anonym.

Dessutan er majoriteten av verdas bitcoins ått anonymt og ikkje knytt til ei IP-adresse, men til ei bitcoinadresse. Denne adressa lagar du sjølv og er i røynda ein nykel som kan nyttast til å kryptera med. Nykelen er ikkje knytt til noko, han berre finst. Dekryptering gjer ein med ein annan nykel.

Til slutt meiner Ølnes at det visst vil vera fint med eit svart betalingssystem, og noko med at det er fint at folk som er usamde med USA kan betala anonymt utanfor USAs fangarmar. Og det seier han samstundes som han meiner at bitcoin ikkje er anonymt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement