Arkitektur

Svar frå elitisten

Publisert

I eit lesarinnlegg sist veke stempla Ronny Spaans meg som elitist og meinte eg gjorde «narr av stavkyrkja til Lothepus». No trur eg ikkje at lesarane av Dag og Tid, som jo er kloke folk, las artikkelen like vrangt som Spaans, men sidan han no har skapt dette villeiande inntrykket, og sidan Leif Einar Lothe er ein mann vi hardingar helst bør halde oss inne med:

Nei, eg gjorde ikkje narr, tvert om har eg i likskap med dei fleste frå Hardanger stor respekt for det han har fått til på den gamle smelteverkstippen. Dette skreiv eg om over to sider i Dag og Tid i mars. Denne gong konstaterte eg: «Lothe har fått mykje merksemd for bygget. På den eine sida dei som set pris på handverk, materialval og tradisjonar, og på den andre sida dei som meiner dette er tilbakeskodande kitsch og ein vulgær Disney-kopi».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement