Arkitektur

Billege triks frå ein elitist

Publisert Sist oppdatert

Hallgeir Opedal har ein interessant kommentar om Arkitekturopprøret på prent i førre nummer av Dag og Tid (12. desember), der han omtalar utdelinga av Arkitekturopprørets heiderspris til Lothepus Camping og Blindern Studenterhjem. Opedal har eit par svært enkle utspel. Han meiner oppfatninga av ein kontrast mellom bumaskiner i dårlege bumiljø og tradisjonell arkitektur er heilt subjektiv. Og samtidig gjer han narr av stavkyrkja til Leif Einar Lothe.

Dette får stå på Opedals rekning. Men han deler her syn med alle andre i pressa som har tevla om å gjera narr av stavkyrkja. Lothe har teke i bruk handverkstradisjonar i dette bygget, som må sjåast i ljos av turistarkitekturen ikring. I eit distriktspolitisk perspektiv er dette eit godt tiltak, jamvel om det er kitsch. Det kan jamførast med arkitekturen i turistbygder som Lom og Øye (jf. Union Øye), ja, også dei utskorne trefigurane med norrøne motiv på Oslo rådhus.

Når det gjeld kritikken hans av Blindern Studenterhjem, som modular kledde i ståande kledning, er dette fenomenet ikkje ukjent. Både Voss og Lom sentrum inneheld slike kompromiss som fungerer i ein tradisjonell omgjevnad.

Opedal gjer narr av folkeleg engasjement i stadutviklinga. Då har elitisten ikkje mange av lesarane av Dag og Tid med seg på laget. Same avisa som han skriv for, hadde ein serie på prent frå 2011 til 2017 om norsk arkitektur og stadutvikling.

Underskrivne laga reportasjane, men eg vil ikkje ta på meg heile æra for serien. Grunnen til at serien gjekk over så mange år, var det store engasjementet og kjærleiken lesarar viste til god byggjeskikk og vakker arkitektur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement