JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Store ord på gyngande grunn om sjukepleie

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

3508
20231201
3508
20231201

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Utdanning

«Behold dagens opptaktskrav til sykepleierutdanning og la Y-veien ligge død og begravet», skriv studentleiar i Norges Sykepleieforbund, Daniel Tørresvoll Stabu, i Dag og Tid 24. november i eit svar til framlegget mitt om å fjerne kravet til ein trear i norsk og matematikk for å kome inn på sjukepleiestudiet. Tydelegare kan det vel ikkje seiast.

Spørsmålet vert då kva grunnlag han legg den totale avvisinga si på. Stabu meiner samfunnet må bruke ressursane sine mest mogleg fornuftig gjennom å prioritere studentar som klarer å gjennomføre studiet og kome ut i sjukepleiejobb, og det er det lett å vere samd med han i. Men spørsmålet er om vi verkeleg veit at den beinharde karakter- og studiekompetansevegen er den einaste vegen å gå for å kome dit.

«Siden karakterkrava i norsk og matematikk ble innført i 2019, har det vært en positiv trend i antallet som fullfører sykepleierutdanningen», skriv Stabu. Han syner til tal frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Men han seier ikkje kva for direktorat-tal han brukar. Dei nyaste eg finn, er frå mars i år, og det siste startkullet som er inkludert der, er det frå 2019. Altså har Stabu berre eitt studieår å lene seg på.

Dette året har rett nok delen som fall frå ved normert tid, gått ned frå 18 til 13 prosent. Men direktoratet utelukkar ikkje at «nedgangen i frafall kan ha sammenheng med koronapandemien og endrede vurderingsformer».

Bør Stabu vente litt lenger før han konkluderer?

Dersom samanhengen mellom karakterinngang og fullføringsgrad er så sterk som Stabu hevdar, stiller også eg spørsmål ved kvifor fullføringsgraden er lågare ved institusjonar med høge inntakskrav (OsloMet (64,8 prosent) og Universitetet i Sør-Noreg (60,4)) enn ved dei med lågare inntakskrav (Høgskulen på Vestlandet (75,9) og Høgskulen i Molde (79,5)).

Når Stabu «begraver» Y-vegen, altså høvet til å kome inn på sjukepleiestudiet etter å ha tatt fagbrev som til dømes helsefagarbeidar utan å gå vegen om eit heilt år med påbygg, gjer han det på grunnlag av eitt forsøksstudieår ved OsloMet med 33 studentar. Berre 13 fullførte på normert tid, skriv Stabu, og igjen er vi samde om at det er for lågt.

Men kvifor var det så få som fullførte? I den faglege evalueringa av forsøket «Fra helsefagarbeider til sykepleier» er forfattarane usikre på om studieforma er berekraftig. Men dei er òg heilt samde i at studiet ikkje var ideelt lagt opp – mellom anna med ein tre månader lang teoretisk eigenstudieperiode som ein del av fyrste studieåret. Ein kan verkeleg lure på kven som har funne på å gje studentar med mindre akademisk bakgrunn meir ansvar for si eiga akademiske læring, kan ein ikkje, Stabu? Kan det vere dette kan gjerast på betre måtar? Ved ingeniørutdanninga har ved alle høve studentar som har kome inn Y-vegen, høgare karaktersnitt og gjennomføringsgrad enn andre studentar.

«Så vet jeg at de vil ikke ha den type svar som er erfaringer», svarte ein av Y-veg studentane som er intervjua i evalueringsstudien frå OsloMet. Sjølvsagt skal alle som går ut av sjukepleiestudiet ha med seg det naudsynte teoretiske grunnlaget. Kanskje er det etter kvart på tide at sjukepleiestudiet tar innover seg at det er fleire måtar å lære på?

Å snevre inn typen menneske som får lov å prøve seg som sjukepleiestudentar, så grovt som Stabu går inn for, kan eg ikkje skjøne bidreg til noko anna enn å skade norsk helsevesen.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis