Energi
Statsbudsjett og varmepumpe
Rekneskapen til Olav Garfors i Dag og Tid 24. oktober om statsbudsjettet, der han vil gje norske hushald gratis varmepumpe, går ikkje opp. Halvparten av dei har allereie varmepumpe. Varmepumpe kan heller ikkje nyttast i alle hushald.
Noreg vil få behov for meir kraft. Eg ser poenget med at havvind er dyrt. Derimot er vind på land ei rimeleg løysing. Vi bør starte med det, og vente til den teknologiske utviklinga gjer havvind – eller kjernekraft – eller båe – billegare.
Dei gratis ferjene han vil behalde, fører, i likskap med andre gratistilbod, til auka etterspørsel. Pendlarar og yrkestrafikk får ikkje plass. Det mest fornuftige er å innføre høgrabatterte fleirreisekort for dei, og la sporadiske brukarar av tenesta betale full pris.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.