Politikk
Statsbudsjettet og vindkraft
Ein flytande havvindturbin på METCentre utanfor Haugesund.
Foto: Carina Johansen / NTB
Leiinga i Arbeidarpartiet er for tida i hardt vêr etter fleire usanningar og løftebrot. Det er særleg Senterpartiet som kjenner seg råka etter stortingsvalet i haust. Ap sitt framlagde statsbudsjett har sine tydelege avgrensingar, sjølv med stort påfyll frå oljefondet. For å halde seg under 3 prosent-regelen for oljefondet har dei sett seg nøydde til å stryke det meste av Sp sine hjartesaker, mellom anna gratis ferjer, kraftig reduksjon i talet på kommunar med kutt i studiegjelda, og ikkje minst skroting av Stad skipstunnel.
Etter den massive reaksjonen på det framlagde statsbudsjettet, ikkje minst frå eigne veljarar på Vestlandet, er Ap-leiinga nøydd til å endre dette budsjettet. Men kan preferansane som ligg til grunn for det same budsjettet, endrast utan å auke den økonomiske ramma? Truleg ja. Svaret er havvind. Havvind er eit luftig prosjekt som er basert på det grøne skiftet, men som neppe gjev særleg pluss i CO2-rekneskapen – når ein tek med alt av stål og betong pluss transport som går med til å bygge turbinane og alt utstyret som trengst for kvart havvindfelt.
Det er mykje pengar i havvind. Regjeringa reknar med å subsidiere utbygginga av dei to havvindfelta utafor Vestlandet og i Nordsjøen med ikkje mindre enn 58 milliardar kroner. I tillegg kjem så kostnadane med å drifte desse felta. Det blir heller ikkje billeg. Her må det spesialskip til. Kvar av dei kostar godt over milliarden og har eit mannskap som både er stort og dyrt. Kilowattprisen per time for denne havvindstraumen blir derfor mykje større enn for tilsvarande landstraum, kanskje over 2 kr i gjennomsnitt.
Ei kansellering av all havvindutbygging bør derfor gje nok midlar til å få gjennomført alle ønska til Sp innafor dei rammene Ap har lagt til grunn for statsbudsjettet. Elles kan det tenkast at Sp legg heilt om kursen slik at vi får ei Listhaug-regjering i staden for framhald med Støre. Framstegspartiet vil truleg seie ja både til gratis ferjer, fleire kommunar med gjeldssanering, grønt lys for Stad skipstunnel og ikkje minst auka kommuneøkonomi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.