Språkstatus 2021

Publisert

I eit svarinnlegg i Dag og Tid nr. 39 skriv Åse Wetås at eg i innlegget mitt veka før etterlyste meir informasjon om korleis Språkrådet følgjer opp det ho kallar den «vedtatte» språkpolitikken. Ho freistar deretter redda seg i land ved å klamra seg til Språkrådets årsrapportar.

Årsrapportane fortel mykje om ulike aktivitetar, mindre om resultat. I ein tilstandsrapport med lengre tidsperspektiv bør vi uansett ha krav på å få vita noko om samanhengen mellom noverande «status for språka våre» og det Språkrådet sjølv har gjort eller ikkje gjort opp gjennom åra. Det er jo trass alt Språkrådet som har det operative hovudansvaret for å følgja opp ein sektorovergripande språkpolitikk, som ikkje vart introdusert i samband med språklova tidlegare i år, men har vore offisielt gjeldande i over ti år.

I innlegget mitt tok eg opp seks konkrete spørsmål som alle naturleg melde seg då eg las rapporten. Utan svar på slike spørsmål blir tilstandsvurderingane hengande i lufta. Ein rapport med eit sterkare feste i gjeldande språkpolitikk og Språkrådets eige oppfølgingsansvar ville heller ikkje gjort han mindre relevant som arbeidsgrunnlag for fleire. Det ville snarare gjort det lettare å utvikla gode og målretta tiltak også for åra som kjem.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement