Status for språka våre, ikkje for Språkrådet

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ingvar Engen skriv i Dag og Tid nr. 38 om det han meiner er problemet med Språkstatus 2021. Han etterlyser meir informasjon om korleis Språkrådet følgjer opp den vedtatte språkpolitikken. Den informasjonen ligg i Språkrådets årsrapportar.

Språkstatus 2021 er ein tilstandsrapport for språk i Noreg, utarbeidd av Språkrådet. Formålet med rapporten er å vise stoda for dei språka den norske staten har ansvaret for, det vil seie norsk (både bokmål og nynorsk), kvensk, dei samiske språka, norsk teiknspråk, romani og romanes.

Språkrådet har tidlegare gitt ut fleire Språkstatus-rapportar. Språkmeldinga Mål og meining kom i 2008 og varsla at regjeringa kvart fjerde år skulle leggje fram ei ny språkmelding for Stortinget. Språkstatus-rapportane skulle tene som eit grunnlag for kvar ny språkmelding. Av ulike grunnar blei det ikkje noko av desse periodiske språkmeldingane, men Språkrådet har likevel valt å lage nye statusrapportar, fordi vi såg at det trengst slike tilstandsoppsummeringar om ein skal få retning på oppfølginga av språkpolitikken.

I Språkstatus 2021 har Språkrådet skildra statusen for dei ulike språka i samfunnet i staden for å rapportere om eige arbeid. Dette er eit medvite val. Målet har vore å lage ein rapport som kan vere eit relevant arbeidsgrunnlag for fleire. Språkstatus 2021 har òg ei anna form enn tidlegare statusrapportar fordi strukturen ikkje lenger er bunden av strukturen i Mål og meining.

Stortinget vedtok i vår ei språklov med ein tilhøyrande språkpolitikk. Lova tek til å gjelde 1. januar 2022, og i stortingsmeldinga som følgjer lova, blir det framheva at alle fagdepartement må ta sin del av ansvaret for å gjennomføre språkpolitikken, eit såkalla sektorovergripande ansvar.

Skal statsorgan og andre verksemder kunne ta eit slikt ansvar, treng dei kunnskap om status for språka våre på ulike samfunnsområde. Den kunnskapen har Språkrådet freista å gje dei med Språkstatus 2021. Kva må dei språkpolitiske aktørane gjere for å nå måla i språkpolitikken? Språkstatus 2021 er slik eit referansepunkt for tilstanden på ulike samfunnsområde, og rapporten kan tene som grunnlag for å utvikle tiltak som støttar måla i språkpolitikken.

Språkstatus 2021 er ikkje Språkrådets årsrapport. Engen etterlyser dokumentasjon på korleis Språkrådet har følgt opp dei ulike tiltaka i språkpolitikken. Språkrådet rapporterer kvart år til Kulturdepartementet om måloppnåing på dei prioriterte arbeidsfelta i tildelingsbrev og målstruktur. Årsrapportane våre gir eit godt oversyn over kva Språkrådet gjer for å nå måla i språkpolitikken.

Språkstatus 2021 har ein annan funksjon. Rapporten skildrar tilstanden på sentrale område for den norske språkpolitikken. Dette er kunnskap det er naudsynt å ha når vi skal utvikle gode og målretta språkpolitiske tiltak for åra som kjem.