Språkrettarar – ei nyttig yrkesgruppe
I Dag og Tid nr. 2 i år ergrar Kjell Arild Pollestad seg over språkvaskarar og korrekturlesarar som rettar språket hans. Eg har rett nok ikkje hatt noko med hans tekstar å gjera, men eg har vaska og retta mange manus gjennom 40 år i denne bransjen. Ei viktig rettesnor for dei fleste språkrettarar er å prøva å sjå kva slags nynorsk forfattaren vil ha. Er det ein rogalandsnynorsk eller ein austnorsk nynorsk? Og er det formelt eller uformelt språk?
Pollestad må sjølvsagt få lov til å meina at nokre nynorskformer er vakrare enn andre, men synest å gløyma eitt viktig poeng: Me som er profesjonelle språkrettarar, anten me vaskar manus i Word eller les korrektur på ombrekte manus, har som regel retningslinjer å følgja. Dei aller fleste forlag, tidsskrift og aviser – inkludert Dag og Tid – vil følgja gjeldande rettskriving i det dei gir ut. Også Helleviks ordliste, med Aud Søyland og Margunn Rauset som redaktørar, følgjer gjeldande rettskriving, det vil seie nynorsk rettskriving frå 2012.
Det gjer derimot ikkje ordlista til Arvid Langeland. Han har valt ein del former som var godkjende i nynorsk tidlegare, til dømes har han berre preteritumsforma førde av verbet å føra, sjølv om førte er eineform i dagens rettskriving. Når det gjeld infinitiv, brukar Langeland a-infinitiv, og han nemner ikkje at noko anna er mogleg. Nynorsk ordliste har e-infinitiv i oppslagsorda, men det står i brukarrettleiinga at ein òg kan velja a-infinitiv – eller kløyvd infinitiv.
Når det gjeld Det sixtinske kapellet, støttar eg korrekturlesaren som Pollestad har vore utsett for. På nynorsk er det vanleg med det som me kallar dobbel bestemt form. Det vil seia at me har den bestemte artikkelen før substantivet, og me hengjer bestemt artikkel på substantivet. Dette er også seiemåten i vanleg norsk tale. I historielista på nettsida til Språkrådet (sprakradet.no) står til dømes Det kvite huset, Den forbodne plassen og mange liknande eksempel. Parallelt bør det heita Det sixtinske kapellet. Å seia at namnet er Det sixtinske kapell er det same som å seia at Bibelen må vera på bokmål, fordi det er originalspråket.
Prisen for å ha eit normalmål er at ikkje alle former kan vera representerte, og valfridommen kan ikkje vera altfor stor. Gjennom rettskrivingsendringane som har vore gjennom åra, har nynorsken vorte modernisert i takt med at talemål og språkkjensle endrar seg. Til dømes heiter det ikkje lenger *gjente eller *serleg, men jente og særleg.
Mi erfaring er at dei fleste forfattarar er takksame for at det finst hjelp å få av språkvaskarar og korrekturlesarar. Då eg vaska manusa til ordkunstnaren Berge Furre, sa han at han stolte fullt og heilt på rettingane mine, for der var eg eksperten. Samtidig meinte han som eg at språket fyrst og fremst skulle vera ein tenleg reiskap, og ikkje konserverast på eit eldre stadium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.