JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Spørsmål i samband med den høge straumprisen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2952
20230203
2952
20230203

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Energi

Regjeringa med statsminister Gahr Støre i spissen har problem med å forklare grunnen til den unormale høge straumprisen, og dermed også den dramatiske nedgangen i oppslutninga til dei to regjeringspartia. Dei prøver å forklare det med at prisen på energi i Europa, det vil seie på kol, olje og gass, har auka svært mykje etter det russiske overfallet på Ukraina.

Men korfor starta då den norske prisauken på straum meir enn eit halvt år før invasjonen i Ukraina? Jau, den starta etter at dei to nye utanlandskablane til Tyskland og Storbritannia blei kopla til det norske nettverket og Stortinget sa ja til EU sitt Acer-direktiv. Då måtte vi (NVE eller Statnett) godta europeiske prisar på norsk straum.

Den rimelege el-straumen som vi har hatt glede av i Noreg før 2021, har vore ei føresetnad for at mykje av den norske kraftkrevjande eksportindustrien har vore konkurransedyktig på verdsmarknaden trass i høge lønskostnadar. Driftskostnadane på dei nedbetalte norske vasskraftverka er ikkje meir enn 10–15 øre per kWt. Når ein veit at over 90 prosent av desse kraftverka er eigde av kommunar, fylker og staten, er det nærliggande å tru at det ikkje skulle by på store problem at sentrale styresmakter (Stortinget) kan sette ein maksimalpris på straumen som skal gjelde for både vanleg forbruk og næringsliv. Ein høveleg pris vil ligge på mellom 30 og 50 øre per kWt slik som før den store prisauken kom sommaren 2021.

Men stopp litt! Er Stortinget fri til å gjere dette? Kva med EØS? Sidan vi fekk denne avtalen som mange meiner er eit nokså nært EU-medlemskap, er vi ikkje lenger herre i eige hus. Kvart år er det ikkje få EU-lovar vedtatt i Brussel og Strasbourg som utan vidare berre blir aksepterte av Stortinget. No har EU også vedtatt at Noreg ikkje kan operere med eit toprissystem for straum. Det vil seie éin pris for innanlandsk forbruk og ein annan pris for eksport av straum.

Kanskje er tida inne for å ta opp spørsmålet om Noreg er tent med å halde fram med eit fordekt EU-medlemskap, altså EØS. Vil ikkje ein vanleg handelsavtale med EU, slik vi hadde det før 1993, vere ei betre løysing? I dag, når vi er den største gassleverandøren til EU, bør dei vere interesserte i at ein høveleg handelsavtale med Noreg kan avtalast utan for mange hindringar og toll, til felles beste.

Ein annan grunn til at det er vanskeleg å få redusert straumprisen, kan også vere politisk. Korleis vil det gå med den vidare utbygginga av vindkraft dersom prisen på straum blir for låg? Det er neppe bygd ein einaste vindturbin i landet vårt dei siste åra utan subsidiar frå staten. Truleg er den reelle prisen på vindkraft godt over 1 kr per kWt. Vindkraft er med andre ord ikkje økonomisk berekraftig. Dessutan er vindturbinane svært skjemmande i den norske naturen.

Nei, vi må satse på effektivisering og utviding av vasskrafta vår. Berre då kan vi vere viss på at straumprisen held seg låg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis