Historie
Spania 50 år etter Franco
Antonio Tejero taler i parlamentet i Madrid med pistol i handa 23. februar 1981. Krisa endar same dag, då kong Juan Carlos ber, via radio og TV, om ei fredeleg innføring av demokratiet.
Foto: Manuel P. Barriopedro / EFE/ AP / NTB
Det er alltid ei glede å lese artiklar av professor Bernt Hagtvet. Dei er både svært informative og velskrivne. Det gjeld òg hans kunnskapsrike omtale av maktskiftet i Spania for 50 år sidan (Dag og Tid 30. mai). Lat meg berre kome med eit par detaljar for å komplettere det Hagtvet skriv.
Talen til kong Juan Carlos etter kuppfreistnaden til Antonio Tejero 23. oktober 1981 gjekk ikkje berre på radio, men på TV. Det er eit viktig moment at kongen var kledd i generaluniform og dermed tala i eigenskap av å vere øvstkommanderande. Dette gav tyngde til ordren til dei militære styrkane om å returnere til eller halde seg i forlegningane. Kvelden før talen hadde kongen brukt på telefonsamtalar med militære sjefar landet rundt, der han gav dei same klare melding. Fleire av desse var personlege vener frå krigsskulen.
Kommunistleiaren Santiago Carrillo levde i eksil i Frankrike under Franco-regimet. Det vert fortalt at ein gong før maktskiftet fekk han ei uventa vitjing. Det viste seg å vere ein representant for Juan Carlos som kom i løynd for å ynskje Carrillo velkomen tilbake til Spania etter at han tok over som konge. Hagtvet fortel at Carrillo seinare vart ven med både kyrkja og dei militære. Han vart nok òg kongeven, om enn kanskje ikkje monarkist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.