Snorre på fransk

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

«12te mai 1900 gav stortinge eit tilskot kr 20.000, til aa gjeva ut Heimskringla paa vanlegt bokmaal og landsmaal, so boki kunde koma langt umkring, naar ho vart billeg.» Slik står det på eitt av tittelarka i ei «Nationalutgaave» av Kongesogene frå 1900, som eg har eit eksemplar av etter farfar.

I dag er det andre tider, som det går fram av siste Dag og Tid. Ein skulle tru at ei omsetjing til kulturspråket fransk av ein svært kompetent fagperson ville vera midt i blinken for eit organ som skal stø omsetjing av norsk litteratur. Men Snorre Sturlason er visst ikkje norsk nok, endå han var i norsk teneste, utnemnd til norsk lendmann, var del av ein felles norrøn kultur, skreiv om norske kongar, og blei tatt av dage på ordre av ein norsk konge.

20.000 kroner i år 1900 skal svara til 1,55 millionar kroner i dag. Så mykje burde iallfall Norla kunna hosta opp, særleg når ein tek omsyn til at Noreg i dag er eit mykje rikare land enn i 1900.