Norske kongesoger på fransk

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I mai i år la det store Gallimard-forlaget i Paris fram andre bandet av den fyrste fullstendige og kommenterte omsetjinga til fransk av den islandske originalversjonen av Snorres Norske kongesoger, heretter kalla berre Snorre eller Heimskringla. I 2000 kom fyrste bandet, som femner om tidbolken fram til og med Olav Tryggvason.

Vel 20 år seinare kjem altså andre bandet ­– soga om Olav Haraldsson – ut på fransk.

Til saman utgjer desse to banda over 2000 tekstsider, nesten to tredelar av dette er nye kommentarar, forklaringar og analysar.

Bak dette storverket står professor emeritus Francois-Xavier Dillmann ved École pratique des Hautes Études ved Sorbonne-universitetet. Han har brukt mange år av sitt liv på dette forskings- og omsetjingsarbeidet.

Det fyrste bandet vart møtt med sterkt rosande omtale i fagmiljøet. La professor Jørn Sannes sine ord (i Historisk tidsskrift 80:1, 2001) stå som ei samanfatning av dei mange positive orda det fyrste bandet vart møtt med: «den beste kommenterte oversettelse overhodet av Heimskringla til et moderne språk».

Det er all grunn til å tru at det andre og enda meir omfattande bandet vil bli møtt med like overstrøymande kommentarar.

Vi er altså her med andre ord vitne til at eit språkleg og historisk nybrottsarbeid av uvanlege dimensjonar er i ferd med å bli gjennomført.

Eit vitskapleg storarbeid av dette slaget og av eit slikt omfang treng økonomisk tilskot for å kunna gjennomførast. Fyrste bandet fekk støtte frå det islandske kulturdepartementet og det norske Norla (Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet).

Da det vart søkt om støtte frå Norla også til utgjevinga av det andre bandet, gav Norla avslag på søknaden med den merkelege grunngjevinga at «Unfortunately this book is not considered as a Norwegian book». Desse opplysningane byggjer på ein samtale som eg hadde med professor Dillmann under ei gjesting han gjorde til Noreg i juli i år.

Utgjevinga av det andre bandet vart gjord mogleg ved støtte frå det franske senteret for bokutgjeving (Centre national du livre) og det islandske litteraturfondet.

Nå stadfester den 72 år gamle professor Dillmann at han er viljug til å setja i gang med omsetjing av det tredje og siste bandet av Snorre til fransk. Føresetnaden for igangsetjing av arbeidet er at Gallimard får ein forpliktande lovnad om økonomisk støtte slik at dette arbeidet kan setjast i gang.

Mange reagerte med vantru på avslaget frå Norla i 2018. Ei sak var avslaget, nesten enda verre var grunngjevinga for avslaget. Snorre Sturlason var tvillaust islending, men finst det ei meir norsk bok enn Heimskringla? Ser Norla ikkje lenger nokon verdi i at Snorre for fyrste gong blir fullstendig omsett frå norrønt til eit av dei store verdsspråka og blir utgjeven med eit stort noteapparat, vidtfemnande kommentarar m.m. som også inneheld eit rikt tilfang med nye innsyn, påvisingar og opplysningar om norsk historie?

Finst det noko bokverk som har hatt meir å seia for vår oppfatning av norsk historie, for norsk nasjonalt og historisk medvit? Vil ein fransk lesar av Snorre læra noko om Noreg og norsk historie, om nordmenn og norsk kultur ved å lesa Snorre på fransk? Er det tenkjeleg at svaret er ja?

Norla gav som nemnt støtte til utgjevinga av det fyrste bandet av professor Dillmanns Snorre-omsetjing. Var Snorre meir norsk den gongen, i 2000, enn i dag?

Eg vil berre vone at Norla forstår sitt ansvar, og gjer sitt til at dette eineståande omsetjings- og forskingsarbeidet kan bli sluttført.