Sluttord om Johannesen-myten

Faksimile av Dag og Tid 11. november.
Faksimile av Dag og Tid 11. november.
Publisert

Det har inga meining å halde fram diskusjonen om Georg Johannesen som eit forferdeleg menneske som ikkje respekterte dei verkelege verdiar her i livet. Den typen kampanjar kan Kaj Skagen gjerne få halde fram med og få støtte frå ytste dimma på den såkalla venstresida til dei meir udanna delane av den såkalla høgresida til å utnemne Georg Johannesen og hans «disiplar», i den grad dei nokosinne har funnest – eg veit ikkje av ein einaste epigon – som ein fare for norsk kultur.

Les også: «G. Johannesen og dei innvigde»

Det hadde vore svært ynskjeleg, vil eg meine, om det faktisk fanst nokon fare for norsk sjølvgod verdikonservatisme og kultur, men eg tvilar på at noko slikt er mobiliserbart. Eg har prøvd å peike på at det var nokså vanskeleg å dyrke Georg Johannesen, også av di han jo var fullstendig ute av stand til sjølv å sikre «læresveinar» nokon plass i akademia. Likevel har dusinvis av hans tidlegare studentar oppnådd nett det, til stor skrekk for somme, som det tykkjest. Noko lærte vel folk.

Folk var og er interesserte i Georg Johannesen som særmerkt skribent, lærar og på sitt vis ein performanceartist – nokså mykje morosamare enn no feterte standupkomikarar – og satirikar med nådelause sarkasmar, og for dei som kjende han, også eit varmhjarta, i botnen venleg og omtenksamt menneske.

Jau visst var han vanskeleg nok, både i uttrykket og i veremåten. Ørlite paranoid kunne han vere, tre gonger kravde han tilbake gjenstandar, ein gong to store, eigne måleri han hadde gjort til diptyk, som eg hadde fått for å utføre tenester (lage register, planleggje seminar, utvikle søknader osb). Dette var ikkje ganske uvanleg. Ein kunne vere glad i eit menneske likevel. Folk var løgnare den tida, vi var jamt omgjevne av originale tenkjarar, akademikarar med sår hug og vanskelege minne og i periodar paranoide tilskundingar. Georg Johannesen var berre ein av dei mest originale – på fleire vis. Mange i min generasjon var slett ikkje plaga av dette, sidan vi ærleg interesserte oss for å lære av dei som kunne seie noko om kva som var underleg med norsk offentleg språkbruk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement