Litteratur
Slapt av Hagen
I nr. 27 av Dag og Tid skreiv Oddmund Hagen ei mildt sagt negativ bokmelding av Erlend Garatun Huus’ Og mor.
Eg skal ikkje hevde å vere upartisk, for eg har lese boka for ei tid tilbake og likte den. Men av denne bokmeldinga fekk eg ein dårleg smak i munnen. Det er lett å gå i fella som fornærma konsument og individ, særleg i vår individualistiske og relativistiske tid, der kritikarane stadig har mindre autoritet. Kritikken skal sjølvsagt felle smaksdommar, og ein litteraturkritikar skal kunne tillate seg å vere nedlatande og arrogant, eller rosande og audmjuk.
Men om ein kritikar skal felle klare smaksdommar, er det viktig at dei byggjer på kvalifiserte og grundige grunngjevingar. Det er der kritikaren syner vitet sitt og stadfestar posisjonen som autoritet, desto betre om det òg er eit element av saklegdom. Og det er det som er problemet med bokmeldinga: at ho ikkje gjev inntrykk av å vere verken sakleg eller grundig. Ho framstår i staden som forutinntatt, både mot forlaget og den aktuelle boka.
Bokmeldinga byrjar med å spotsk beskrive Kapabel som eit forlag av ymse kvalitet som har gjeve ut «mange bøker om krigen» (Kapabel har gjeve ut fem bøker «om krigen»). Etter ei rask avkreditering av forlaget framhevar Hagen at Huus berre har gitt ut titlar på Kapabel (forlaget som gjev ut bøker av ymse kvalitet). Halvvegs ut i det andre avsnittet har Hagen vist at han verken tek forlaget eller boka på alvor.
Den spotske tonen varar ved i ei overflatisk, ytre oppsummering av boka. Hagen er flink når han evnar å sjå at boka er delt inn i fire delar, og får til dels med seg eit nokolunde korrekt handlingssamandrag. Dessverre utvatnar samandraget bokmeldinga, som elles er prega av ein lat kritikarformel der ein gjev eit samandrag for så å gje ei kort vurdering. Eg undrar meg over kvifor Hagen ikkje vil kategorisere romanen som litteratur, men berre «lesestoff». Dette er ein hard dom som berre blir grunngjeven gjennom fire oppsummerande adjektiv. Eit av dei er «utvendig» om ein roman som i all hovudsak konsentrerer seg om den indre stemninga til hovudpersonen, og der dei ytre skildringane vert bygd opp gjennom erindringa sin natur.
Ein kan ikkje vente at ein kritikar alltid les bøker på deira eigne premissar (sjølv om det burde vere eit ideal), for dei kan ikkje definere seg sjølv, og har ingen rett til det. Når ei bok er lagd ut, er den open, slutta og i stillstand. Kritikaren kan velje kor han skal angripe, kor dei svake punkta er, slik er det òg med bokmeldingar. Når dei vert skrivne, er dei i rørsle, men når dei er i avisa, ligg dei i ro, forsvarslause, opne for kritikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.