Bok

Framtungt

Erlend Garatun Huus får ikkje heilt dreisen på det stoffet han har for handa.

Erlend Garatun Huus har skrive bøker i fleire sjangrar.
Publisert Sist oppdatert

Kapabel er eit lite bergensbasert forlag etablert i 2005, og i løpet av 20 år har forlaget gitt ut rundt 200 bøker. Det blir ti bøker i året i ulike sjangrar frå skjønnlitteratur til lokalhistorie og sakprosa av ymse slag. Og krigen, sjølvsagt; mange bøker om krigen.

Erlend Garatun Huus (f. 1967 i Odda) har frå før gitt ut fire titlar på Kapabel, Og mor er den femte. Det er ein kort roman på hundre sider, delt i fire avdelingar som følgjer oppvekst, ungdomstid og vaksenliv til ein forteljar frå ei fjordbygd ein stad på Vestlandet. Personar og stader er konsekvent utan namn. Det blir mor og far, besten og besto, to brør, læraren, direktøren, borddama og så vidare. Det fungerer ganske greitt i og med at forteljaren ikkje vil ha så mykje med folk å gjere.

Ungkarsliv

Heilt frå barndommen tilbake på 1960-talet har han trekt seg unna og inn i seg sjølv. Berre i musikken og i bøker finn han seg til rette, men han går ikkje vidare med desse interessene og tar ei utdanning. I staden endar han opp i ein dårleg betalt lagerjobb inne i byen og lever eit stussleg liv som ungkar. Av og til reiser han heim og besøker mora som han er knytt til, særleg etter at faren reiste frå familien. I tillegg har han ei dragning mot fjellet Rossnos og ei hytte inne på vidda.

Storebroren spelte i band, hamna utpå og døydde av ein overdose. Det er kanskje sorga over broren som ligg tungt over både forteljaren og mora, men det blir aldri avklart før i siste avdelinga, da forteljaren i godt vaksen alder er innom kyrkjegarden og møter broren som har tatt seg ein tur opp av grava og kviler ut på ein benk. Dei slår av ein prat og blir vel forlikte.

Bisarr humor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement