Slå ring kring vernet
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide på ein pressekonferanse før jul i fjor.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Natur
Det var ikkje småtteri han kom heim med frå Montreal rett før jul, klima- og miljøminister Espen Barth Eide. Noreg hadde tatt plass i naturkampen sin satsebuss, koalisjonen av meir enn 100 land som ønskte å gå ut av naturtoppmøtet med ein avtale som forplikta, og slik vart det. Heime venta røynda: Om ein vil satse, må ein gjere det i praksis, ikkje berre på papiret.
Den nye naturavtalen seier mellom anna at innan 2030 skal vi verne 30 prosent av land- og havareala på kloden, restaurere 30 prosent av naturen vi har forringa, og nærme oss nulltap i all arealplanlegging. Det er ikkje utan grunn at tap av areal får så stor plass i den nye avtalen. Når vi vernar natur, tar vi vare på artar og naturtypar samtidig som vi gir rom for dynamikken i økosystemet. Å verne naturområde er økologisk sett den viktigaste metoden for å bevare biologisk mangfald.
Det finst naturtypar og artar som er avhengige av menneska, av at vi skjøttar området slik vi har pleidd. Den opne kystlyngheia er ein slik naturtype. Utan jamleg og kontrollert brenning gror han igjen. Men det aller meste av naturen vi har her til lands, treng først og fremst vern mot menneskelege inngrep. Klimaendringane gjer det naudsynt å gje naturen større plass, mellom anna fordi mange artar kan trenge å trekke oppover eller nordover når temperaturen aukar. Naturen har dessutan eit forsprang på menneska når det kjem til CO2-lagring. Det er velkjent at myra lagrar karbon i bakken, men det gjer trea òg. Å bevare og restaurere natur stansar altså naturtapet samtidig som det fangar og lagrar CO2 ut av tynne lufta. Ikkje rart verda har tru på vern!
Eit par minutt før naturavtalen vart banka gjennom, kom store nyhende frå Miljødirektoratet. Det gjaldt ein klage frå Naturvernforbundet og Lågendeltaets Venner, som meinte det ikkje kunne vere riktig at ønsket om å få køyre bil i 110 km/t skulle trumfe det strengaste vernet vi har i Noreg. Verneforskrifta for Lågendeltaet er streng: Ho tillet ikkje eingong padleturar i april og mai, av omsyn til hekkande fugl. Då Naturvernforbundet vitja området i april i fjor, møtte vi ho som fekk på plass vernet i 1990, dåverande miljøvernminister Kristin Hille Valla frå Senterpartiet. Ho forklarte at eit unntak frå forskrifta berre var mogleg om vesentlege samfunnsinteresser tilsa det og inngrepet var naudsynt.
Kjernen i striden blir om det er naudsynt å køyre i maksfart forbi Lillehammer til ei samfunnsøkonomisk negativ nytte på 6 milliardar kroner, eller om det kan vere i samfunnet si interesse å bygge for lågare fart om det sparar natur, matjord, pengar, energi og klima. Regjeringa har gjeve tydeleg marsjordre til vegmyndigheitene: I trongare tider må vi prioritere rassikring og vedlikehald av veg og skinner over overdimensjonerte vegprosjekt. Som direktør i Miljødirektoratet Ellen Hambro sa til Dag og Tid førre veke, dreg desse signala teppet vekk under vilkåret om at vegen må leggjast gjennom verneområdet.
No ligg saka på bordet til samferdsleministeren og klima- og miljøministeren. Tar dei konsekvensane av signala dei sjølv har sendt ut? Eller er Noreg sitt bidrag i den globale dugnaden for å stanse naturtapet å la naturen tape i første sving? Tida vil vise.
Pernille Bonnevie Hansen er nestleiar i Naturvernforbundet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.