JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Om du berre vil ha applaus, bør du ikkje jobbe her»

Som festbrems i olje- og billandet Noreg har Ellen Hambro og Miljødirektoratet ei lite takksam rolle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ellen Hambro under presentasjonen av ein delrapport frå klimapanelet til FN i februar i fjor. Eit av hovudmåla til direktoratet er å få ned klimagassutsleppa.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

13623
20230127

Miljødirektoratet

Statleg forvaltingsorgan under Klima- og miljødepartementet

Skal «jobbe for eit reint og rikt miljø»

Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre ureining

Skal handheve mellom anna naturmangfaldlova og ureiningslova

I underkant av 700 tilsette i Trondheim og Oslo og ved kontora til Statens naturoppsyn

Oppretta i 2013 etter ei samanslåing av Direktoratet for naturforvalting og Klima- og ureiningsdirektoratet

Miljø

peranders@dagogtid.no

Den 19. desember i fjor var ein gledesdag for norske naturvernarar. Da sette Miljødirektoratet foten ned for ein ny firefelts motorveg gjennom Lågendeltaet naturreservat ved Lillehammer, eit verdifullt våtmarksområde med yrande fugleliv. Vegen har vore utgreidd gjennom mange år, hus har blitt rivne for å gje plass til traseen, og statsforvaltaren gav dispensasjon til prosjektet i april i fjor. Men saka vart klaga inn til Miljødirektoratet, og i fjor kom konklusjonen. «Verneområder opprettes for å ta vare på svært verdifull natur, og vernet er ment å være varig. Det er svært strenge vilkår for å gi dispensasjon til tiltak som er i strid med vernets formål. I denne saken mener vi vilkårene for å gi dispensasjon ikke er til stede», sa Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet i pressemeldinga.

Tilsynelatande var saka over. «Dere kan ikke klage på vedtaket», heitte det i svaret frå Miljødirektoratet. Likevel er framtida til fuglane i deltaet framleis i spel. Og denne saka gjev eit utgangspunkt for større spørsmål om vekst og vern, om ideal og realitetar, og om kva som skjer når omsynet til natur og miljø kolliderer med andre samfunnsinteresser.

Spørsmåla går til Ellen Hambro, jurist og direktør for Miljødirektoratet sidan 2013.

Kva er vesentleg?

– Lågendeltaet først: Kvifor kom de til ein annan konklusjon enn statsforvaltaren gjorde?

– For at vern skal opphevast må det vere vesentlege samfunnsinteresser som tilseier det. Analysane har vist at dette vegprosjektet hadde ein negativ samfunnsøkonomisk verdi på 5,9 milliardar kroner. Da kan det ikkje kallast ei vesentleg samfunnsinteresse, seier Hambro.

– I tillegg var ein av føresetnadene at denne vegen skulle byggjast for ei fartsgrense på 110 kilometer i timen. Budsjettproposisjonen frå Samferdsledepartementet i fjor haust seier at endringar i fartsgrense og vegstandard kan få følgjer for planlagde prosjekt, og E6 mellom Moelv og Øyer er nemnd. Dermed er det høgst usikkert om denne føresetnaden framleis gjeld, og det dreg teppet under vilkåret om at vegen må leggjast gjennom verneområdet.

– Men når eit naturområde blir verna, kor sterkt er eigentleg vernet? Det finst fleire døme på bygging av veg eller kraftliner i norske naturreservat. Gjeld vernet berre til det blir overkøyrt av andre samfunnsinteresser?

– I utgangspunktet er vern meint å vere varig. Og dei aller fleste verneområda i Noreg består, sjølv om det finst ein handfull unnatak. Men reservat er oppretta ved kongeleg resolusjon, og vernevedtaka kan gjerast om.

– Korleis kan ein avgjere sikkert kva som er ei «vesentleg samfunnsinteresse» – vesentleg nok til å trumfe tidlegare vernevedtak?

– Da må ein bruke skjønn. Men om ein skal gjere store inngrep i ei vernesone, bør det ikkje vere for eit prosjekt med nesten seks milliardar i negativ samfunnsøkonomisk verdi. Det talet kjem frå samferdslestyresmaktene sjølve, seier Hambro.

– I dei samfunnsøkonomiske reknestykka blir ofte tid spart for bilistane tillagd ein høg verdi, og den verdien blir vurdert opp mot kostnadene ved å byggje vegen. Men det er ikkje medrekna nokon verdi for naturtapet. Vi har enno ikkje gode felles metodar for å vurdere det samfunnsøkonomiske tapet av natur som blir borte, men vi prøver å synleggjere det i konsekvensutgreiingane.

Ingen kommentar

Jubelen til naturvernarane over avgjerda til Miljødirektoratet varte ikkje så lenge. På tysdag, same dag som dette intervjuet med Ellen Hambro vart gjort, opna klima- og miljøminister Espen Barth Eide for at regjeringa kunne endre verneforskrifta for Lågendeltaet så vegen kan byggjast likevel.

– Kva er kommentaren din til dette?

– Vi har ingen kommentarar til signala frå regjeringa. Vår rolle i denne saka har berre vore å vurdere om det er juridisk grunnlag for dispensasjon frå verneforskrifta.

– Ei slik endring av forskrifta er politisk mogleg for regjeringa. Men vil det vere fagleg forsvarleg, slik du ser det?

– Dette er no ei meir politisk vurdering som vi ikkje har nokon kommentar til, seier Hambro.

Kraft vs. vern

Også andre typar vern kan kome under press. Da det vart sagt at tida for store vasskraftutbyggingar var over, såg det ut til at Noreg var rikeleg forsynt med straum. No er det nye tider. Senterpartiet og Framstegspartiet vil opne for utbygging i verna vassdrag, og statsminister Støre har sagt at han er «open for å sjå på det».

– Er vern eit luksusgode som vi unner oss i gode dagar, når det ikkje ser ut til at vi treng å forsyne oss meir av naturen?

– No er ikkje vassdragsvern Miljødirektoratets ansvar, vernevedtaka skjer i Stortinget. Men vassdragsvernet har stått seg godt. Og dette er ikkje eit luksusgode. Mange er positive til vassdragsvern, og Noreg har òg internasjonale plikter for korleis vi skal forvalte naturen.

– Mange vernesaker blir tolka langs konfliktliner mellom by og land, sentrum og periferi, og iblant mellom elite og vanlege folk. Eit byråkratisk organ som direktoratet legg hindringar i vegen for folk som vil bruke lokale ressursar, skape arbeidsplassar og sikre lys i husa. Det er ikkje ei hyggeleg rolle å ha?

– Det er ikkje Miljødirektoratet som opprettar vern, det skjer ved politiske avgjerder. Men regelverket vi forvaltar, går ofte på kryss og tvers av andre samfunnsinteresser. Når vi handhevar ureiningslova, kan det opplevast som kjeppar i hjula for industrien. Vi skal forvalte regelverket og blir ikkje alltid populære. Om du berre vil ha applaus, bør du ikkje jobbe her. Somme kommunar og industribedrifter synest vi går for langt, medan miljøorganisasjonane synest vi ikkje går langt nok. Det er ein del av kvardagen.

Langt frå mål

Så er det det kinkige spørsmålet med dei internasjonale pliktene. Noreg har til dømes forplikta seg til å verne 30 prosent av havområda innan 2030. Dit er det frykteleg langt att. Av sjøarealet innanfor territorialgrensa 12 nautiske mil frå land er berre 3,6 prosent verna i dag. Og av arealet i den økonomiske sona som strekkjer seg 200 nautiske mil ut frå kysten, er berre ein halv prosent verna.

– Her går ikkje ideala og realitetane i hop i det heile?

–?Det stemmer at Noreg er langt frå å nå ambisjonane sine og oppfylle dei internasjonale pliktene når det gjeld marint vern. Eitt problem er at oppretting av verneområde ligg under naturmangfaldlova, og den gjeld berre ut til 12-milssona. Men det er ingen tvil om at Noreg har ein lang veg å gå her.

Lov med trål

Ein ting er kva område som er verna, ein annan er kva vernet eigentleg inneber. I dei marine verneområda har Noreg ei liberal tolking. I nasjonalparkane Færder, Ytre Hvaler og Raet er det til dømes lov med botntråling. Ingen av dei marine nasjonalparkane i Noreg innfrir internasjonale krav til marine verneområde, ifølgje Havforskingsinstituttet.

–?Kva er vernet verdt om det er lov til å tråle i nasjonalparkane?

– Restriksjonane i ein nasjonalpark treng ikkje vere strengare enn det som er naudsynt for å ta vare på verneverdiane. Det er til dømes ope for jakt og fiske i dei aller fleste verneområda i Noreg. Om vernet gjeld korallar, treng det ikkje vere eit problem å fiske høgare i vassøyla, seier Hambro.

– Så er det opna for tråling i delar av verneområda du nemner, i hovudsak reketråling. Utvalet for marin verneplan frå 2004 gav råd om dette, og det har følgt saka fram til vernevedtaket.

Pådrivarar

Samstundes som Noreg er svært langt frå å nå fleire av sine eigne vernemål, inntek norske representantar ofte ei pådrivarrolle internasjonalt. Under forhandlingane om Naturavtalen til FN i Montreal i fjor var klima- og miljøminister Espen Barth Eide blant dei som ivra for ein ambisiøs avtale.

– Når den norske staten inngår internasjonale avtalar om natur- og miljøvern, er det da lett å undervurdere dei praktiske problema med å etterleve avtalane?

– Det er eit politisk spørsmål, og ikkje min jobb å svare på. Men Noreg har teke på seg store mål. Eg opplever at statsråden har høge ambisjonar, men det er ikkje lenge til 2030.

– Da Barth Eide inntok ein pådrivarrolle i forhandlingane om naturavtalen i fjor, kunne han umogleg overskode dei praktiske implikasjonane Noregs lovnader vil få rundt i landet. Det er lett å love når det er langt heim, og når det er lenge til konsekvensane av ein avtale viser seg?

–?Det må du spørje Barth Eide om. Men han er nok godt kjend med statusen for naturvern i Noreg og utfordringane med å kome vidare. Når det gjeld marint vern, har regjeringa varsla at det kjem ei ny lov som gjev grunnlag for vern av natur utanfor 12-milsgrensa.

Sprikande mål

For Noregs del er rolla som ein stor petroleumsnasjon vanskeleg å kombinere med å vere pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. I fjor kom Miljødirektoratet med ei svært kritisk høyringsfråsegn om Wisting-feltet som Equinor vil byggje ut i Barentshavet. I ordskiftet viste Hambro ikkje berre til tradisjonelle omsyn til sårbar natur, men etterlyste òg ei vurdering av framtidig samfunnsøkonomisk lønsemd av feltet i lys av Paris-avtalen.

–?Er slike vurderingar av nye olje- og gassfelt i lys av klimapolitikken noko vi får sjå meir av frå dykk?

– Å vurdere ting i eit samfunnsøkonomisk perspektiv er òg ein del av oppdraget vårt. Klima- og naturkrisa gjev oss mange vanskelege val, og samfunnsøkonomiske analysar er gode verktøy for å finne den billegaste vegen til målet.

– Staten har mange lemmer som ikkje alltid dreg i same retning. Kollegaene dykkar i Oljedirektoratet gjer alt dei kan for å auke utvinninga av olje og gass.

– Politikarane har mange mål for samfunnet, som til dels er innbyrdes motstridande. Det er både eit politisk mål å bruke utmarka til beiting og å ta vare på rovdyrbestandane. Politikarane vil både utvikle industri og redusere utslepp. Men som direktorat har vi godt samarbeid med andre sektorstyresmakter. Vi har ulike interesser å vareta og ulike mandat, men kan likevel ha eit godt og ryddig fagleg samarbeid.

– I petroleumspolitikken har Miljødirektoratet rolla som festbrems, men musikken er så høg at de sjeldan blir høyrde.

– Rollen vår er å gje faglege innspel. I tildelingsrundane for nye konsesjonar på sokkelen legg vi fram våre faglege bekymringar. Så er det politikarane som tek avgjerdene. Men vi kan nok bli oppfatta som ein festbrems, ja.

Ignorert

I 2017 laga Naturvernforbundet eit interessant oversyn. På åtte år under Stoltenberg-regjeringa vart 80 prosent – 189 av 237 – miljøråd frå det daverande Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og ureiningsdirektoratet overkøyrde i saker om opning av nye felt på sokkelen. (Dei to organa vart slegne saman til Miljødirektoratet i 2013.) Når desse organa frårådde opning i høyringsfråsegnene sine, var det av omsyn til sårbar natur og verdifulle område for fisk, sjøfugl og livet på botnen. Under Solberg-regjeringa vart gehøret enda mindre: Ikkje ei einaste av dei 53 tilrådingane frå Miljødirektoratet om å ikkje opne område for petroleumsverksemd vart følgd.

– Vi lagar ikkje statistikk over dette. Vi gjev faglege råd, så bestemmer politikarane, seier Hambro.

– Men når ingen av råda dykkar blir tekne til følgje, må arbeidet kjennast ganske fåfengt?

– Eg vil ikkje seie det. Det kan nok kjennast litt demotiverande iblant. Men det er jobben vår å kome med faglege råd.

– Det kan minne om Timmi Grashoppe som sit på skuldra til Pinocchio og prøver å fortelje han kva som er rett, men utan å nå fram?

– Vi er eit direktorat, og gjer den jobben vi er sette til.

Tiger eller puddel

– På papiret ser Miljødirektoratet ut som ein mektig institusjon. De har hovudansvar for å handheve 13 ulike lovar. Samstundes har de ikkje så mange harde verkemiddel. Er direktoratet ein papirtiger utan klør?

– Nei, det vil eg absolutt ikkje seie. Om du spør dei som får eit vedtak frå oss, trur eg ikkje dei opplever det slik. Vi forvaltar eit svært regelverk og ein skog av forskrifter som dekkjer mykje av klima- og miljøpolitikken, og somme av vedtaka våre får store konsekvensar.

– Kva er dei sterkaste verkemidla de rår over?

– Regelverket vi forvaltar, er i seg sjølv sterkt. Og vi kan ileggje gebyr for brot på regelverket. Da flyselskapet Norwegian ikkje leverte attende klimakvotane sine slik dei skulle i 2020, ila vi selskapet eit gebyr på 400 millionar kroner. Og ved alvorlege regelbrot kan vi politimelde saka. Vi er ikkje ei puddelstyresmakt.

– I Hurdalsplattforma til regjeringa står det: «Klima og natur skal være en ramme rundt all politikk. Norges ambisiøse klimamål forplikter hele regjeringen og alle deler av samfunnet.» Er det slik i dag?

– Det er ikkje min jobb å evaluere politikken til regjeringa. Vi forvaltar lovar og reglar.

– To liner lenger ned i erklæringa står det: «Olje- og gassnæringen skal utvikles, ikke avvikles.» Noreg er eit artig land i konstant spagat?

– Noreg er eit land der olje og gass står for ein vesentleg del av eksportinntektene. Samtidig har Noreg sett seg høge mål i klimapolitikken. Vi har redusert klimagassutsleppa med 4,9 prosent på 30 år, og har som mål å kutte dei med 55 prosent innan 2030. Det skal nok halde hardt, seier Ellen Hambro.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis