Utdanning

Skulen som øya i verdshavet

Publisert Sist oppdatert

Takk til lektor Olav Morten Wang for avklarande utgreiing. Eg er samd i somt, men usamd med Wang i at vi talar om ideologiar, snarare om moral i synet på kva ein elev er og kan bli.

Alltid har vi hatt overordna diskusjonar om føremålet for utdanning. Skal elevane få hjelperåder til å takle samfunnet dei lever i, eller skal dei tilførast ein «dannelse» som fungerer til å stadfeste hegemoniske oppfatningar om kva som er viktig? Det har synt seg vanskeleg å få til samklang; pendelen svingar mellom dei to. Altså: Skal skulen opne elevane for å verte aktive deltakarar i det komande samfunnet, eller skal skulen fyrst og fremst vere skulsk, altså gjere elevane uavhengige av «verdens lyst og larm og pine»?

Robinson Crusoe-syndromet vil eg kalle den sistnemnde posisjonen. Crusoe måtte klare seg med vrakgods, restar av forliste skip, det han fann ikring seg av tilfellelege objekt og sjølvsagt, viktigast, hans eiga oppfinnarevne. Forutan ei heldig heppe: ein fullstendig framand som vart fyrst tenar, så ven.

Lagar ein seg ei samling av element som bør flyte vidare i kulturstraumen, er det som å nytte vegkart frå for femti år sidan. Betre å gå laus på den virtuelle og fysiske og sosiale kunnskapsverda som faktisk omgjev born og unge. Var eigentleg Thorbjørn Egner og Anne-Cath. Vestly særskilt samlande, eller var dei agentar for urbaniseringa?

For eigen del var eg særs lukkeleg over at verda opna seg for meg i gymnastida, som vidaregåande då heitte. Men: Eg seier ikkje at det eg lærte då, må vere innhaldet i det nye generasjonar skal lære, slik ein ven av meg sukka for nokre år sidan: «Men eg tok hovudfaget mitt i 1986, eg lyt då bruke det eg lærte?»

Crusoe-syndromet fører til at verda ikring skulen vert oppfatta som farleg og knugande. Men tenk etter: Vil det å utstyre eleven med forsvarsverk snarare isolere eleven og føre til meir skadeverk?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement