Skule
Listene er berre starten
Forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Innhaldslistene frå utdanningsministeren er berre ein liten flik av ein større diskusjon. Stor takk til Nicolaysen for eit historie-narrativ som viser lesarane kor sterkt ideologisk denne diskusjonen faktisk er.
Mange lærarar ser innhaldslistene som eit etterlengta vendepunkt. Vi håpar dei er starten på ei større opprydding: Dagens læreplanar nemner berre læringsmål, men unngår innhald. Innhald og metode heng tett saman. Listene vil korte inn vegen tilbake til innhald og metode. Også det politiske Noreg erkjenner endeleg at skuleverket bør kome seg ut av innhalds- og metode-krisa. Det finst nemleg solid forsking som peikar ut kva metodar som fører til effektiv og varig læring, og kva metodar som ikkje leverer resultata. Artikkelen i Dag og Tid fredag 10. april tek for seg grunnopplæringa i lesing, og viser at den aller beste metoden i leseopplæringa har fått konkurranse av ein annan metode som er beviseleg mislukka! Det er viktig at dei som gjer råd til skulemiljøa om leseopplæring, ikkje ignorerer kjend og tilgjengeleg forsking.
Skule-Noreg og heimane treng sårt noko konkret å gripe i. Læringsmåla er så arbitrært formulert, at lærarar, elever og foreldre ikkje får tak i kva planane venter av ein, eller kor ein skal starte. Og det kjem ut lærebøker og andre former for læreverk utan struktur.
Opplæring er eit fellesskapsprosjekt, og det store fellesskapet har rett og plikt til å forhandle om innhaldet i skulen. Listene er legitime uttrykk for fellesskapets interesser. Det vil sikkert koste krefter å forhandle om innhaldet i listene, ikkje minst å oppdatere det med jamne mellomrom, men dette er forhandlingar som fellesskapet toler å ta.
Innhalds-diskusjonen skal ikkje lukkast inne i lokale profesjonsfellesskap, slik det har vært lagt opp til dei seinaste tiåra, og heller ikkje forhandlast om i kvar enkelt klasse. Desse romma er for små til å uttrykke fellesskapets interesser.
Lister er ikkje tvang, men eit verktøy som vil gjere skuleverket meir handlekraftig overfor samfunnsoppdraget sitt. I skulen bør lister vere like naturleg som ein dagsorden er for eit møte. Sjølv når ein lærar diskuterer innhald med klassa si, vil det vere klokt av læraren legge fram ulike alternativ, også det er ei liste. Lister er eit langt betre utgangspunkt for undervisning enn elevars magekjensle for eit emne dei enno ikkje har fått innføring i. Eg er ikkje bekymra for at listene jagar kvardagsopplevingane ut av opplæringa. Banalitetane veks fram og sigrar over alt kring oss, dei er inga kunst, og treng ikkje dyrkast. Derimot bør det spesielle løftast opp. Lister er det beste verktøyet til å sikre at også det spesielle får sin plass. Og på handletur har vel Nicolaysen, så vel som underteikna, opplevd å kome betre ut av det med ei handleliste, enn å handle på impuls!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.