Skriv sjølv i framtida òg

Illustrasjon generert av Dall-E ut frå desse stikkorda: Munch painting Al bots working at newspaper desk.
Illustrasjon generert av Dall-E ut frå desse stikkorda: Munch painting Al bots working at newspaper desk.
Publisert

Debatten om KI og Chatbot er verkeleg i fyr og flamme. Skyttargravene er i ferd med å bli fulle, og kulene flyg. Det er då fascinerande korleis alle som er skeptiske og påpeiker fallgruvene blir stempla som framstegsfiendtlege og bakstreverske. Då var det forfriskande å lese tekstane om kunstig intelligens i førre Dag og Tid, særleg dei som var skrivne med menneskeleg intelligens!

Eg har testa Chatbot på alt frå kreft og vitskap til matlaging, elevtekstar og dårleg humor, og kan slå fast at han er god til å snakke, men dårleg på innhald. Intelligensen kan utan tvil brukast til å rasjonalisere kjedelege oppgåver i yrkeslivet og forsking. Om vi derimot gjev denne reiskapen frislepp for skuleelevar, er eg redd for at det kan gå skikkeleg gale. Og eg er glad i digitale reiskap.

Det digitale har i mine år i klasserommet gått frå å vere eit mangelfullt og frustrerande instrument til å bli definerande for heile miljøet og kunnskapskulturen eg i dag underviser i. Det er verken mogleg eller ønskeleg å ta vekk alle dei føremonene som dette miljøet har i seg. Eg merkar meg at samstundes med stadig betre digitale reiskap blir det òg meir og meir krevjande å halde oversikt over misbruk av digitale reiskapar.

Utgangspunktet mitt er at elevar treng lese- og skrivekunne for å orientere seg i samfunnet, rett og slett å skape seg ein identitet som borgar i ein skriftkultur som aldri har vore so kompleks. Dei treng å lese tekstar, dei treng å reflektere over dei sjølvstendig, og dei treng å produsere samanhengande skriftlege refleksjonar der dei brukar og dermed utviklar kompetansen sin. Det er hardt arbeid, og det kan vere freistande å ta snarvegar, for å stå fram som betre enn du kanskje er, og dermed få ein karakter som du djupast sett ikkje fortener.

Problemet med fjusk blir ikkje mindre med denne teknologien. Kunstig intelligens brukt på ærleg vis er eit utruleg instrument, men det er altfor lett å bruke til falskspel, slik at bruken skjuler reell kompetanse heller enn å utvikle han. Utvikling fram til å bli ein god skrivar og lesar er kjenneteikna av progresjon og utvikling på mange ulike nivå. Bruk av kunstig intelligens gjer at du kan ta ein snarveg fram til både ordval, setningsdanning og tekststruktur. Det er lite vits i å kunne lage gode produkt som du eigentleg skjøner lite av.

Døme: Eg ga Chatbot-en ein svak elevtekst om En folkefiende og spurde han om å heve nivået på ortografi og syntaks. Deretter spurte eg om kva som ligg i «Sterkest er den som står alene». Til sist spurte eg han om å integrere denne refleksjonen i den opphavlege teksten. Det heile var gjort på seks minutt og resulterte i ein tekst som ville fått fleire hakk betre vurdering enn originalen. Det same kan ein elev gjere med ein tekst framfor kvar levering. Eg kunne òg brukt Chatbot til å finne feil i elevtekstar som eg får innlevert, men eg vil at elevane skal møte fagkompetansen min, og ikkje ein robot sin. Vi må ikkje la den menneskelege kommunikasjonen gleppe!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement