Undervisning

Skjermen er berre halve sanninga

Trondheim 20171009.Elever som holder på med mobil og ipader i klassesituasjon på barneskole. Modellklarert.Foto: Gorm Kallestad / NTB
Elevar held på med mobil og iPad i klasserommet.
Publisert

Det er mange av oss som arbeider med barn og unge kvar dag, som lurer på kva som skjer med ungane. Ein får litt mengdetrening med åra, og vi ser det same som skoleforskar Johannes Lunde Hatfield snakka om i artikkelen « Det store konsentrasjonsfallet » i Dag og Tid 16. januar. Ungane er mindre motiverte, mindre uthaldande, svakare fagleg og slit med å regulere eigne kjensler.

Hatfield legg skulda på digitalisering av skolen. Eg trur vi må sjå på ei djupare endring i samfunnet vårt òg, nemleg korleis barndommen har endra seg. Kvardagen til dei fleste norske ungane er prega av ein tett timeplan med organiserte aktivitetar frå morgon til kveld, alle aktivitetar og all leik er overvakt av vaksne som oppfører seg som måker. Dei held seg i utkanten, men stuper inn for å avbryte eller regulere leiken så fort ungen gjer noko som utfordrar forventningane om at dei skal halde på med risikofri eller konfliktfri leik. Det er ein verdi i å klatre så høgt at ein ikkje kjem seg ned igjen, det er ein verdi i å finne ut korleis ein kjem seg ned igjen på eiga hand, og det er ein verdi i å forhandle konfliktar med andre barn på eiga hand. Ikkje berre får dei verdifulle meistringserfaringar når dei klarer å løyse slike utfordringar på eiga hand, men dei får også handfast erfaring med eigne kjensler, reaksjonar og grenser.

Ungane vi møter på skolen, kjenner ikkje at dei har kontroll på sitt eige liv. Dei kjenner på at dei slit seg ut for å oppfylle forventningane andre har til dei, anten det dreier seg om å sjå riktig ut, gjere dei riktige tinga, ha dei riktige karakterane eller dei riktige meiningane. Forventingane kjem både frå skjermen og frå menneska rundt dei. Når fritida er fylt opp med vaksenstyrte aktivitetar, forsvinn rommet der barnet lærer å forstå seg sjølv i møte med motstand. Utan dette frie rommet mister dei moglegheita til å få erfaringane til å bli robuste. Hovudpoenget til Lenore Skenazy frå Free Range Kids er at vi gjer ungane sårbare og dårleg rusta til å handtere den motstanden som krevst i skulearbeidet og kvardagen når vi eliminerer all risiko og løyser kvar minste konflikt.

Psykologen Jonathan Haidt skildrar den fundamentale overgangen frå ein «leik-basert barndom» til ein «telefon-basert barndom» i boka Generasjon angst. Tidlegare var ungane meir overlatne til seg sjølve og lærte om eigne grenser gjennom fri leik og fysisk risiko. Dei lærte konfliktløysing og problemløysing utan at vaksne heile tida fungerte som dommarar. Middelklasseopprøret mot skjerm er først og fremst retta mot skolen, men ungane har òg krav på eit privatliv. Ungane som brukar mykje tid på skjerm, seier at det digitale rommet gjer at dei får utforska sosiale relasjonar utan at vaksne heile tida følgjer med og regulerer leiken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement