Set pris på lektorane
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 12. august kommenterer Gro Elisabeth Paulsen eit tidlegare innlegg vi hadde i avisa om situasjonen for lektorane. Vi trekte fram nokre historiske forhold om løn, fag og organisasjonsliv. Paulsen svarar med å målbere eit merkeleg syn på lektorane. På den eine sida skriv ho at på 90-talet «var det vanleg at lektorar ikkje våga å nemne at dei faktisk var lektorar», og legg til at dei måtte «teie om eige syn» på forholda i skulen. Så avsluttar ho med å seie at lektorar har ei solid utdanning, «dei kan tenkje sjølve». Kven eller kva argumenterer ho mot? Naturlegvis kan dei tenke sjølve. Det skulle berre mangle.
Paulsen omtalar noko ho kallar «likskapsideologien i Lærarforbundet». Dette skal visst vere årsaka til at styresmaktene har senka utdanningskrava i staden for å heve lønna. Det er direkte feil å hevde at Lærarforbundet medverka til å redusere kompetansekrava i skulen. Tvert imot. Vi arbeidde for høgare krav! Vi kravde også betre utdanning for yrkesfaglærarar. I ettertid er det bra å sjå at krav til undervisningskompetanse i grunnskulen er heva. No må vidaregåande stå for tur. Særleg gjeld det i dei studieførebuande programma.
Heilt sidan 1919 har lektorane delt organisasjonsfellesskap med andre utdanningsgrupper, først adjunktane, seinare kom andre til. Men det er liten tvil om at organisasjonen og medlemmene forvalta ein annan kultur- og kunnskapstradisjon enn folkeskulelærarane gjorde. Lenge levde desse kulturane og gruppene greitt side om side. Dei hadde ulike oppgåver i ulike delar av utdanningssystemet. Reformene i etterkrigstida endra på dette, og det var hard strid, særleg om kompetansen for å undervise på ungdomssteget.
I takt med framveksten av kunnskapssamfunnet, har dei klassiske skiljelinene mellom lektorane og andre lærargrupper blitt gradvis mindre, men ikkje borte. Likevel har dei to kulturane nærma seg kvarandre. Masterutdanninga for grunnskulelærar er uttrykk for dette. Skipinga av Utdanningsforbundet frå 2002 like eins.
Om lag 15.000 lektorar arbeider i grunnskular og vidaregåande skular. Dei fleste er organiserte i Utdanningsforbundet, som såleis er den største lektororganisasjonen. Om dei er upopulære i eigen organisasjon, kan vi verken svare på eller svare for. Vi svarar for oss sjølve, og heiar på lektorane. Fagkunnskapen trengst, og må prisast høgare på meir enn ein måte.