«Så vart ho kvinne»
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eg takkar Leiv Arne Grimstad for ein god kommentar i førre nummer til portrettet mitt av E* over to sider i Dag og Tid 22. oktober. E* har ei unik historie: Ho er den fyrste norske landslagsspelaren for kvinner (rett nok «berre» i sjakk) som vart fødd som gut. Eg ville skriva eit portrett av eit heilt menneske, eit portrett til refleksjon, ikkje til polemikk. Det er altfor mykje støy i debatten om kvinner som E*; eg er ikkje så interessert i den biten.
Dei påståtte problema med transkvinner i idretten vert ofte blåsne ut av proporsjonar av menn med Internett-tilgang og eit tastatur, men elles utan genuin interesse for kvinneidrett. Lista over reelle problem er lang: Doping kjem høgt oppe. Anoreksi like så. Hyperandrogenisme kjem lenger nede. Men eit av dei minste problema i praksis må vera transkvinner. Dei saklege poenga til Grimstad tyder på at han har skjønt bodskapen min.
Like fullt: Grimstad tek meg i ein grammatisk feil når eg skriv: «Så vart ho kvinne.» Han vil ha: «Så vart han kvinne». Her er skilnaden mellom Grimstad og meg. I dette høvet tykkjer eg det er eit lite offer for majoriteten å pynta litt på grammatikken når ei slik setning kan ha stort verd for minoriteten.