Like mange kjønn som fingeravtrykk?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Formuleringar som «alle kjønn» og «fleire kjønn» florerer i dagens mediebilde. Ein NRK-video har overskrifta «Visste du at det finnes sju kjønn?», og organisasjonen RFSL opererer med nesten 70 kjønnskategoriar.

I valkampen hevda avtroppande KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad at vi har berre to kjønn, medan SV-leiar Lysbakken og fleire plussa på med eit «juridisk kjønn». Den som kanskje går lengst, er redaktør i Den Norske Legeforening sitt tidsskrift Tidsskriftet, Ketil Slagstad, som hevdar at kjønn finst over eit vidt spekter, og at vi alle – biologisk sett – «befinner oss på et spekter av kjønn, der mann og kvinne er ytterpunktene». Han viser blant anna til epigenetikken (læra om korleis DNA-arvestoffet blir avlest og uttrykt), der det i 1990 vart identifisert eit gen (SKY) i det mannlege kjønnskromosomet Y, som kan påverke personen si seksuelle orientering.

Kan vi då like godt ta det heilt ut og meine at det finst like mange kjønn som fingeravtrykk? Og kva er då eit kjønn? Skal vi avlyse at menneska er delt i to kjønn?

Er også kua og oksen berre ytterpunkt i ein vid kalvedans av kjønn?

I Dag og Tid 22. oktober er der ein artikkel om ein sjakkspelar – namngjeven som E* – fødd som biologisk mann, men som er i ferd med å gjennomgå eit «kjønnsskifte» og no har teke «kvinne» som juridisk kjønn. I media blir det kalla å skifte kjønn. «Så vart ho kvinne», står det i overskrifta, som avslører ein grammatisk feil: «Så vart han kvinne», burde det ha stått.

Men kor som er, «juridisk kjønn» er av ein annan kategori enn «biologisk kjønn». «Juridisk kjønn» er eit samleord for slike som føler på kjønnsdysfori – det at dei ber på så sterke disposisjonar for motsett kjønn at dei ønskjer å bli definert som dette motsette kjønnet.

Men slektene har utvikla seg gjennom to samhandlande kjønn, hokjønn og hannkjønn, der hokjønnet er berar av kjønnskromosomparet XX, medan hannkjønnet er berar av paret XY. Sjølv om desse X-ane og Y-ane ikkje er bokstavelege, er dei kjønnsdefinerande. Dei representerer bygningsmodellen for kvart kjønn.

Ein skifter med andre ord ikkje kjønn, men kjønnsuttrykk. Det heiter at fingeravtrykka våre er unike. På same måte er kjønnsuttrykka våre unike. Ingen har nøyaktig same kjønnsuttrykk. Grad av feminitet og maskulinitet i eit menneske varierer – utan at det er så enkelt å måle.

Elles er det vel først og fremst i idrettar som krev kraft og styrke, at vi treng eit skilje mellom manns- og kvinneklasser. Sjakk er vel ikkje mellom desse?

Den sørafrikanske løparstjerna Caster Semenya er kvinne, sjølv om ho har uvanleg høge testosteronverdiar til ei kvinne å vere og eit maskulint løpesett.

I ein artikkel på darwinist.no definerer biologen Tor Martin Austad dei to kjønna ved å vise til at hannen produserer sædceller, medan hoa produserer egg. Når kjønnsutviklinga blir forstyrra, blir det ikkje lagt til eit nytt kjønn, men abnormalitetar, skriv han, det vi i dag kallar kjønnsmangfald. Men kjønnsmangfald handlar ikkje om fleire kjønn. Foreininga FRI skriv at kjønnsmangfald er «alle måtene folk gjør kjønn på».

Å hevde at vi har fleire kjønn er eigentleg å dekonstruere og gjere kjønnsomgrepet flytande. Men det flyt ikkje. Det er rimeleg fasttømra i evolusjonshistoria vår. Professor i evolusjonsbiologi Glenn-Peter Sætre skriv i Aftenposten at «kjønn er et fenomen ved en evolusjonshistorie som er mye eldre enn både mennesket og medisinen. Skal definisjonen av kjønn være annerledes hos mennesket enn hos andre arter?» spør han og peiker på den slåande todelinga i naturen.

At både menn og kvinner har brystvorter, peiker truleg tilbake mot eit primitivt stadium i fordum då vi var eitt kjønn (og eigentleg ikkje menneske). Dette går også fram av fosterutviklinga. Det mannlege Y-genet blir aktivisert først fem–seks veker etter samansmeltinga av sædcelle og egg.

I ein blogg på forskning.no blir dette framstilt som om «alle menn har vært kvinner (…). Arnold Schwarzenegger har vært det. Brad Pitt har vært det».

Men var mennesket verkeleg menneske før Y-kjønnskromosomet kom på bana?

Dagens menn og kvinner har i seg disposisjonar frå det andre kjønnet, men normalt sett passivt ibuande. I boka Hon och han fødda olika, Bromberg 1994, nyttar dei svenske legane Rigmor Robert og Kerstin Uvnäs Moberg ordet solbelyst om den aktive disposisjonen. Hos menn er mannlege eigenskapar «solbelyste», medan kvinnelege eigenskapar er «solbelyste» hos ei kvinne. Biologiske prosessar under eller etter befruktinga, kulturell påverknad, psykososiale tilhøve eller rett og slett personlege val synest å kunne forskyve posisjonane.

Same boka fortel at dersom tilførselen av det maskuline kjønnshormonet testosteron blir «skrudd av» på eit visst stadium i eit rottehannfoster, vil hannen utvikle feminine veremåtar. Men rottehannen er framleis ein rottehann.

Tilsvarande kan vi på nettstaden forskning.no lese at avskruing av eit gen i eggstokkane til vaksne musehoer kan føre til at ei rekke testikkelspesifikke gen skrur seg på – og at det umiddelbart begynner å skje store endringar i musa sine forplantingsorgan.

Dei maskuline og feminine disposisjonane er til stades i alle menneske, anten aktivt eller passivt. Men kjønn er rotfesta i kjønnskromosompara og kan ikkje endrast operativt. Derfor blir det feil å snakke om fleire kjønn, og at kjønn finst i eit vidt spekter. Mennesket har berre to kjønn, men i ei viss grad kan det andre kjønnet sine kjønnsspesifikke eigenskapar bli «solbelyste».

Det finst kanskje like mange kjønnsuttrykk som fingeravtrykk. Men kjønn finst det berre to av.