I Dag og Tid 28. juni held Hallvard Hegna fram polemikken om opphavet til krigen i Ukraina. Det sentrale spørsmålet er om Russland var truga av Nato før 24. februar 2022.
Eit ålment russisk ordtak seier at historia er uviss. Ikkje fordi dei faktiske hendingane er uklåre, men fordi me helst berre nyttar det utvalet som passar best med vårt tankesett. Kor fri historia er, seier òg mykje om demokratiet i eit land. EU, Nato, Russland og USA har alle interesser, ikkje minst eigeninteresser, men det gjer ikkje alle skuldige i konflikten.
For å forstå bakgrunnen kan ein ikkje ta til i 1941, 1946 eller 1991. Ein må attende til den russiske ekspansjonen på 1700-talet med Peter den store og Katarina den store. Denne koloniseringa gjorde Russland til ein geografisk og kulturell forvaksen stat, styrt av ein 500 år gamal maktstruktur, slik forfattaren Vladimir Sorokin påpeikar.
Ulike regime har sett det som si oppgåve å halda nasjonen samla, heile tida med truslar om ein ytre fiende. Åtak frå Napoleon og Hitler vert gjorde til nasjonale heltesoger, heilt utan kritikk av eigne feilgrep. Motstandarar vert kalla bonapartistar og nazistar uavhengig kva dei faktisk står for.
Kuppet til Lenin i 1917, borgarkrigen og trusselen om at revolusjonen skulle spreia seg vestover, førde til ekstrem polarisering av politikken i mellomkrigstida. Bolsjevikane kritiserte imperialismen, men forsvarte og utvida russisk kolonisering. Nasjonalsosialistiske rørsler dukka opp som ein motreaksjon på den internasjonale sosialismen. Sjølv etter maktovertaking i Italia, Tyskland og Spania inngår Stalin ei pakt med Hitler like før den moderne 30-års krigen held fram i 1939. Sovjetunionen og Tyskland deler Polen seg imellom, Sovjet okkuperer Litauen, Latvia og Estland før dei går til åtak på Finland.
Molotov–Ribbentrop-avtalen var mest truleg tenkt som ei mellombels løysing for båe partar, sjølv om Hitler kom Stalin i forkjøpet. Etter utreinskingane til Stalin i partiet og i offiserskorpset var dei ikkje klare for ein stor krig. Og Hitler ville unngå ein tofrontskrig så lenge som mogleg. Sovjet hadde utvilsamt dei høgste tapa av menneskeliv, men når dei sende dårleg trena, dårleg leia og dårleg utstyrte soldatar til fronten, vart tapa høge. Kommunistpartiet sette heller ikkje verdien av menneskeliv særleg høgt før krigen, og det vart ikkje stort betre for krigsfangane som kom heim til Gulag etter krigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.