Språk

Rogalendingar kjempar for nynorsk

Frå Dag og Tid førre veke.
Publisert Sist oppdatert

På framsida av Dag og Tid veke 46 står det med stor, feit skrift « Rogalendingar gjev opp nynorsk ». Like gjerne kunne det stått «Fleire rogalendingar tek kampen for nynorsk». Ein må 30 år tilbake i tid for å finne eit høgare medlemstal i Rogaland Mållag enn det dei har i dag.

Slik er det faktisk i dei fleste laga i Noregs Mållag. Dei veks. Men det er lite redaksjonelt skriveri i Dag og Tid som plukkar med seg dette biletet. Eit bilete av verkelegheita, der det nesten aldri har vore fleire i Noreg som er positive til nynorsk, som snakkar om språket med positive forteikn, tek det i bruk og slepp det til. Noregs Mållag har dei siste åra hatt dei høgaste medlemstala sidan vi byrja å telje medlemer sentralt, og veksten ser ikkje ut til å stoppe.

«Skulemålet er tolleg avgjerande for nynorsken i landet», skreiv vi i Målreising 1967, og det er veldig sant. Men språket elles i samfunnet er avgjerande for språket i skulen. Og språket i den store nabobyen påverkar kva lokalsamfunnet tenkjer om språk. Kva elevane lærer i skulen, får følgjer for språket i lokalsamfunnet, og lokalsamfunnet sine haldningar til språk påverkar korleis elevane i skulen lærer språk.

Når det blir snakk om språkskifte slik som på Sjernarøy, blir ofte språkspørsmålet behandla som om det er personleg. Heilt til slutt er det ditt val om du skriv nynorsk eller bokmål, men det valet tek du ikkje i eit vakuum. Det valet er påverka av alt rundt deg. Slik er ikkje språkspørsmålet personleg.

Difor har vi mellom anna rådgjevande røystingar med allmenn røysterett i saker om skulemål. Det er ikkje berre elevane som går i skulen i dag eller i morgon, som blir påverka av dette valet. Det påverkar oss alle.

Skulemålet står ikkje aleine i kampen for språket. For å bli trygge språkbrukarar er det naudsynt å sjå og møte språket sitt rundt seg i kvardagen. I aviser, på fjernsyn, på skilt og oppslag, på butikken og på arbeidsplassen. Eksponering både aukar kompetansen og betrar haldningane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement