Retting
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ein venleg lesar har peika på at tala eg gav opp om kraftprisar i førre nummer, vart noko feil. Eg skreiv at omsetninga i kraftforsyninga hadde gått opp med 43 milliardar frå desember 2020 til desember 2021 og sa at det var resultat av prisauke. Ja, omsetninga steig så mykje. Men tala, som var henta frå Statistisk sentralbyrå, har med alle typar omsetning i kraftbransjen, som lesaren peika på, omsetning som ofte ikkje har relevans for sluttprisen til forbrukarar.
Om vi ser på den reine spotprisen, var han i gjennomsnitt om lag 2,80 kroner per kWh inkludert nettleige og avgifter i desember 2021 i Sør-Noreg, litt høgre om vi tek høgd for at prisen var høgre når forbruket var høgst gjennom døgeret, morgon og ettermiddag. Om vi seier at heile kraftproduksjonen på 16 TWh i desember 2021 vart omsett til gjennomsnittleg spottpris, og legg på nettleige og avgifter, vart prisen på 44,5 milliardar, om vi seier lik pris over heile Noreg.
Men kraftkrevjande industri som tek ein tredjedel av produksjonen, har fastpris, og Midt-Noreg og Nord-Noreg opplevde ikkje den same prisauken som Sør-Noreg. SSB har ikkje regionale tal som kategori i statistikkbanken. Men eit grovt overslag tilseier at samla prisauke i Noreg i desember 2021 samanlikna med desember 2020, vart mellom 15 og 20 milliardar før straumstøtta, som hamna på 15–20 prosent av ekstrakostnadene i desember. Eg seier meg lei for feilen.