Rævedilting og Matteus 25,29?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Politikk
I den siste avisartikkelen Einar Førde kom til å skriva i sitt liv, undrast han korleis det kunne ha seg at såkalla vanlege folk i val kunne stemma imot sine eigne interesser. Han tenkte på veljarskaren til George Bush jr. og på heiagjengen til Carl I. Hagen. Dette var i september 2004, tolv år før Donald Trump trampa inn i manesjen.
Mysteriet er stadig aktuelt. Straumprisen ser for tida ut til å vera den viktigaste saka for norske veljarar. Me har offentleg eigde kraftselskap som produserer norsk straum til 13 øre kilowatten. Kvifor må då norsk industri og norske hushald betala det mangedobbelte? Kvifor kan ikkje regjeringa ta straumen av børs og setja tak på kraftprisen til norske forbrukarar, slik dei gjorde før?
Ap/Sp-regjeringa har skulda, meiner folk, og flyktar ifrå dei to partia. Men berre eit fåtal går til SV eller Raudt, dei to partia som vil avskaffa marknadstilpassinga. Dei flyktar til Høgre, som vil ha endå meir marknad og dermed minst like høge straumprisar. Høgre fekk 19 prosent ved siste stortingsval, nå ligg partiet på 36,9 på gallupen.
Når veljarfolket nå flokkar seg om Høgre, må det bety at dei vil ha meir av det dei røysta imot sist: meir privatisering og utholing av velferdsstaten. Større sosial ulikskap. Nye rundar med kommunesamanslåing. Svekka jordbruk. Meir sal av naturressursar ut av landet. Tettare band til EU. Meir straum på børs.
Andreas Hompland lanserer si forklaring i Sideblikk-spalta si den 24. mars: Veljarar hoppar på vinnarvogna, dei lar seg blåsa dit vinden blæs. Rævedilting og moralen til evangelisten Matteus er årsaka.
Hompland har sitt sideblikk eller skråblikk. Humoren og satiren er aldri langt unna, og det er ikkje alvoret heller. Liksom Einar Førde i si tid, er det eit interessant fenomen han tar opp.
Me kan lansera ulike forklaringar på veljarforskyvingane. Utryggleik for eigen økonomi og eiga lommebok, foreslår Bjørgulv Braanen i Klassekampen. For eigen del vil eg leggja til: Folk blir utrygge på politikarane dei har sett til å styra, når dei ser at politikarane umyndiggjer seg sjølve. I sak etter sak underkastar dei seg EU- og EØS-reglar og finanselitens jerngrep. Dei har bunde seg til masta, dei verken kan eller vil etterkomma krava frå veljarane sine. Då går det på tilliten laus.
Einar Førde fann ikkje gode forklaringar på spørsmålet han stilte. Men det var verdt eit alvorleg studium, meinte han: «Det er ei stor og viktig historie som her må forteljast. Men det blir ikkje av meg denne gongen.» Han døydde 14 dagar etter at artikkelen hans stod på trykk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.