JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Erna Solberg og rævadiltarane

At veljarar hoppar på vinnarvogna, er ein kjær metafor for å forklara sterke valvindar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bogekorps er eit særeige fenomen i Bergen. Aspirantane byrjar som rævadiltarar.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

5611
20230324
5611
20230324

hompland@online.no

Bandwagon-effekten er at folk flest tar til seg trendar og stilartar, handlingar og haldningar fordi så mange andre gjer og meiner det same. Den for tida allmenne sanninga kjennest personleg, fornuftig og naturleg. Det er ikkje berre greitt å stå att på perrongen når pendlartoget går.

Fenomenet er sjølvforsterkande, men også flyktig. Bobler blir haussa opp av mediemerksemd, og sosiale medium skrur opp farten mange hakk. Også dei som ikkje vil vera med, kan koma til å henga seg på. Ein bruker det medvitet ein har, også om det er falskt, kjensle­drive, situasjonsbestemt eller bygger på tilfeldig samanraska informasjon. Det er som i religiøse vekkingsbølgjer der mange ser lyset saman og på same tid, vender om og trur dei kan gå på vatnet.

BANDWAGON-EFFEKTEN er allmenne kulturelle og sosial­psykologiske mekanismar på alle felt av samfunnslivet, og i teoriar og modellar i mange fag. Motebransjen er sjølve erkedømet. I makro- og mikroøkonomi forklarer det sterke og raske svingingar i etterspurnaden etter varer og tenester. På børsen er det sjølve kjernen i spekulasjonane. I medisin og kosthald kryr det av skiftande diagnosar med oppskrytte og kostbare behandlingsformer som kjempar om hegemoniet. I fotballverda får vinnande lag medgangssupporterar.

MEN HER HANDLAR det om politikk, parti og veljaråtferd. For partia er det ein styrke å ha gode meiningsmålingar og kjenna valvinden i ryggen. Å vera på vinnarlaget mobiliserer snille onklar til donasjonar og aktivistar til frivillig innsats.

Veljarar kan endra preferanse når eit parti har populære kandidatar eller frontar ei potent sak. Når folk ein omgåst og normalt låner øyre til, er på vandring, må ein tenka seg om. Det er freistande å vera med på ei prøveferd, også for ikkje å skilja seg ut.

Bandwagon-effekten gjer si største gjerning i den lilla og flytande midten, men også til høgre og venstre – om det er bompengar i folkets parti og distrikta, eller Nato i SV og Ukraina-våpen i Raudt. Folkets leiarar må følgja sitt veljarfolk.

Den omvende bandwagon-
effekten fortener eit innskot: å unngå å gjera eller lika noko fordi det er populært i den konforme, kompakte og konsensussøkande majoriteten. Det kan kallast snobb-effekt.

DEN BOKSTAVELEGE tydinga av bandwagon er ei vogn som fraktar eit musikkensemble i ein parade, på tivoli eller sirkus. Som politisk fenomen skriv det seg frå valkampen i USA i 1848, då den populære sirkusklovnen Dan Rice inviterte den litt bleike presidentkandidaten Zachary Taylor til å bli med på bandvogna hans. Det vekte stor merksemd og gjorde Taylor så kjend og populær blant fok flest at konkurrentane kasta seg på liknande vogner. Det blei eit normalt innslag i valkampar, som fenomen og metafor.

I 1900 drog William Jennings Bryan det eit hakk vidare og reiste rundt i eit spektakulært pynta valtog med massemøte, politiske appellar, musikk og anna underhaldning. Dei mest oppglødde kunne stiga om bord på toget og bli med til neste stemningsfulle folkemøte. Då gjekk «jump on the bandwagon» over til å bli brukt nedsetjande om politikarar og veljarar som lét seg fanga av stemninga utan å tenka over kva dei var med på og knytte seg til.

I NORSK VALFORSKING er bandwagon-effekten ein kjær metafor for å forklara valskred der vandrande veljarane blir tatt av sterke valvindar. I den bergenske provinsen av statsvitskap laga dei ei strålande omsetting med lokal vri: «rævadiltar-effekten».

Bogekorps er ei erkebergensk greie for gutar og unge menn. Våren og 17. mai er høgsesong, med trommer, faner, uniformer og marsjering i bataljonar med militær organisering. I bakgrunnen spøker «gamlekarane» som strenge tradisjonsberarar.

Dei som er for unge til å bli tatt opp som soldatar i bogekorps, men som aspirerer til ein flik av den sosialt integrerande krafta i det strøksbaserte fenomenet, samlar seg bak bogekorps som øver og paraderer. Dei er rævadiltarar.

DEI SOM LURER på kva slags mysterium som gjer at Høgre kan stiga til det symbolske 36,9, bør minnast på rævadiltar-effekten. Dei må heller ikkje gløyma Matteus (25,29), meiner Byråsjefen: «For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.» Det som fell, kan siga heilt ned i grunnfjellet, og det som stig, stig endå meir. Til og med i Oslo profitterer Høgre på Erna-vogna, sjølv om dei har levert giftig personstrid med politisk usmak, og sekretariatet driv gjørmebryting med varslingssaker og interne arbeidsmiljøkonfliktar.

BERGENSAREN ERNA Solberg er landets nest mest omtykte politikar, etter den omstridde Abid Raja, men framfor den mykje omtalte Emilie Enger Mehl. Erna er politikkens svar på skiflygaren Maren Lundby. Ho har tyngde og kjem stadig tilbake, nå også photoshoppa på framsida av Veien videre, ei oppskrifts- og kursbok i pragmatisk høgrepolitikk, som ho har levert saman med skugge-skrivaren Lars Øy.

Solbergs Høgre får stadig breiare sakseigarskap, men ho lever ikkje opp til sitt eige motto: «Politikere bør mene noe nytt oftere.» Erna er ikkje visjonær, men vanleg og vedlikehaldsfri. Og kvifor skulle ho prøva å vera noko anna? Ho kan jo sitja relativt stille i den vesle båten på det store havet, kopiera seg sjølv og takka Støre-regjeringa for at ho er folkets favoritt.

Mens veljarane har gløymt hvilkne uløyste utfordringar ho hadde som statsminister. Dei gir henne nostalgisk styringstillegg, kjem diltande i flokk og rad og henger seg på Høgres bandvogn.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis