JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Rasisme i idretten i gamledagar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
George Dixon banka opp ein kvit mann ustraffa – og blei som fyrste av afrikansk opphav verdsmeister i fjørvektsboksing, sidan òg i bantam.

3585
20230519
3585
20230519

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Rasisme

Det dukkar stadig opp rasisme i idretten. NFL-spelarar har protestert mot korleis afroamerikanarar vert handsame i USA. Colin Kapernick var den fyrste som protesterte ved å gå ned på kne under avspelinga av nasjonalsongen. Trump uttalte at desse spelarane burde få sparken.

Men alt var verre før. For 110 år sidan herska tankegangen om kvit overmakt. Da passa det dårleg med ein farga verdsmeister i tungvektsboksing.

I 1891 kapra den farga Dixon fjørvektstittelen. 6. september 1892 forsvarte Dixon tittelen mot Skelly. Chicago Tribune skreiv at menn frå sørstatane viste avsky da dei berre kunne sitja og sjå på at ein kvit mann fekk juling av ein svart utan at dei kunne gripe inn.

Noko større oppstyr vart det ikkje.

Det vart verre da verda fekk ein farga verdsmeister i den tyngste klassen. For verdsmeistaren i tungvektsboksing skulle vera kvit!

30. mai 1892 såg den syttenårige Winston Churchill den farga Peter Jackson vinne over briten Slavin. Etter kampen teikna Churchill ein apeliknande Jackson stå over Slavin.

I 1906 vart kanadiaren Tommy Burns kåra til tungvektsmeister. Den farga Jack Johnson måtte sjå langt etter tittelkamp. Black var ikkje beautiful i 1906.

Endelig, i 1908 i Sydney, kom kampen mellom Burns og Johnson i stand. Før kampen endra avisa Australian Bulletin banneret sitt frå «Australian for Australians» til «Australian for White Men». Australian Star skreiv: «Denne kampen kan i framtida bli sett som den fyrste uunngåelige kampen mellom rasane.» Politiet stoppa massakren av Burns i 14. runde. Og verda vakna til ein farga verdsmeister.

Dei svarte i USA var i ekstase. Manassa Club, ein organisasjon for farga, uttalte at Johnsons siger viste at dei svarte var fysisk overlegne den kaukasiske rasa. «Og dersom dei svarte kan vise sin mentale overlegenheit, kan vi ein dag bli leiarar.» Hundre år seinare valte USA ein farga president.

Dei kvite såg mørkare på det. Dei spådde at det ville bli mangel på bomullsplukkarar fordi dei svarte ville byrje å bokse i staden for å plukke bomull. «Kor andre stader enn i ein boksering kan dei svarte stille på same vilkår som dei kvite?»

20 år etter kampen skreiv pulizerprisvinnar Alva Johnson at moralen til dei kvite hadde vore på eit lågpunkt lenge før slaget i 1908. Sørstatane var i harnisk etter at Booker Washington hadde ete middag i Det kvite huset. Washington representerte den siste generasjonen av svarte leiarar som var fødde i slaveri.

Alva Johnson skreiv: «Og så vart Johnson verdsmeister i tungvektsboksing, den største tittelen innan sport. The Nordics hadde ikkje vore så redde sidan Tamerlane.»

Jakta på eit kvitt håp starta. Mange peikte på den gamle meisteren Jeffries.

Pengane lokka Jeffries inn i ringen. I 14. runde kom handkledet inn i ringen og sparte Jeffries for den vanæra det var å bli slått i svime av ein farga.

Mange aviser klaga over at kampen mellom Johnson og Jeffries vart vist på kinoane. Dette fann dei svarte litt snodig, da dei same avisene reklamerte for «Dixons Clansmen», eit skodespel som skildra ein svart mann voldta ei kvit kvinne. Dei same avisene glorifiserte Ku Klux Klan som sivilisasjonens redningsmenn.

Jack Johnson vart ikkje spesielt populær som verdsmeister. Han byrja å gifta seg med – og skilje seg frå – kvite kvinner.

I 1915 skulle Johnson forsvare tungvektstittelen i Havanna mot det kvite håpet, den to meter høge cowboyen Jess Willard. Der mista Johnson tittelen.

Johnson var rik og fattig etter tur. Og han døydde som han hadde levd – fort. Han omkom i ei trafikkulykke i 1946.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis