Rævedilting og Matteus 25,29?

Publisert

I den siste avisartikkelen Einar Førde kom til å skriva i sitt liv, undrast han korleis det kunne ha seg at såkalla vanlege folk i val kunne stemma imot sine eigne interesser. Han tenkte på veljarskaren til George Bush jr. og på heiagjengen til Carl I. Hagen. Dette var i september 2004, tolv år før Donald Trump trampa inn i manesjen.

Mysteriet er stadig aktuelt. Straumprisen ser for tida ut til å vera den viktigaste saka for norske veljarar. Me har offentleg eigde kraftselskap som produserer norsk straum til 13 øre kilowatten. Kvifor må då norsk industri og norske hushald betala det mangedobbelte? Kvifor kan ikkje regjeringa ta straumen av børs og setja tak på kraftprisen til norske forbrukarar, slik dei gjorde før?

Ap/Sp-regjeringa har skulda, meiner folk, og flyktar ifrå dei to partia. Men berre eit fåtal går til SV eller Raudt, dei to partia som vil avskaffa marknadstilpassinga. Dei flyktar til Høgre, som vil ha endå meir marknad og dermed minst like høge straumprisar. Høgre fekk 19 prosent ved siste stortingsval, nå ligg partiet på 36,9 på gallupen.

Når veljarfolket nå flokkar seg om Høgre, må det bety at dei vil ha meir av det dei røysta imot sist: meir privatisering og utholing av velferdsstaten. Større sosial ulikskap. Nye rundar med kommunesamanslåing. Svekka jordbruk. Meir sal av naturressursar ut av landet. Tettare band til EU. Meir straum på børs.

Andreas Hompland lanserer si forklaring i Sideblikk-spalta si den 24. mars: Veljarar hoppar på vinnarvogna, dei lar seg blåsa dit vinden blæs. Rævedilting og moralen til evangelisten Matteus er årsaka.

Hompland har sitt sideblikk eller skråblikk. Humoren og satiren er aldri langt unna, og det er ikkje alvoret heller. Liksom Einar Førde i si tid, er det eit interessant fenomen han tar opp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement