Pyntesjuke og luksuslov
Foto: Dag Aanderaa
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Det er i år stor markering av at det er 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov blei til. Men det er også 400 år sidan Christian IVs forordning om «pyntesjuke» kom i 1624. Han stod også bak Christian IVs norske lov frå 1604, men denne er mest berre ei omsetjing til dansk av landslova frå 1274.
Likevel var også Christian original lovgjevar med sterk detaljstyring av Danmark-Noreg, gjennom sine mange forordningar. Det vil seie påbod som også galdt som lover. Den mest kjende er trolldomsforordninga frå 1617 med oppmoding til heksebrenning.
Forordninga frå 1624 har i normalisert rettskriving denne tittelen: «Forordning hvorledes heretter med festensøl, brylluper, barsel, begravelser i kjøpstedene i Danmark og Norge skal holdes.» Ho er på ti sider og vart send mellom anna til prestane og futane i tvillingriket.
Far til underskrivne var sokneprest, og i ei kiste etter han låg det tilfeldigvis eit originalt eksemplar av denne forordninga. Nasjonalbiblioteket opplyser at dei berre kjenner til tre eksemplar: to ved universitetsbiblioteket (UB) i Trondheim og eitt ved UB i Bergen. Sjølv har dei ikkje denne forordninga.
Det fjerde kjente eksemplaret kom så til syne i Seljord i vår, og har i sommar vore utstilt på kunstlåven til Seljord kunstforening. Bakgrunnen for det er at forordninga er nemnd i Lars Myttings «Skråpånatta», og mange gamle prestekontor-remediar blei utstilte i Mytting-rommet.
Fråtseri
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.