Petter Dass til Helgelands skjergard
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eg viser til Oddvin Alfarnes’ lesarinnlegg (Dag og Tid 25. februar) til kommentaren min om ein statue av Petter Dass i Helgelands skjergard. Som eg skreiv i kommentaren, vil denne statuen reisast langs leia i Helgeland til feiringa av Bodø som europeisk kulturby i 2024. Denne feiringa gjeld ikkje berre Bodø, men heile Nordland fylke, difor blir den gamle ideen om ein statue av diktarpresten realisert det året.
Alfarnes skriv at statuen skal avdukast i Bodø. Det er altså feil. Han påstår òg at Petter Dass var «pietist», det er òg feil. Det er sant at Dass var mykje lesen under pietismen på 1700-talet, men Dass høyrer til 1600-talet, det som er kalla «ortodoksiens tidsalder». Dermed skulle visse stygge tankar dukke opp i sinnet vårt: Ortodokse prestar som sjølve spikra stakkars jentebarn opp på heksebål og tende på. Vi synest vi høyrer skrik og knitring av elden, medan svovelpredikanten les fram bibelvers om helvete og fortaping. Alfarnes meiner difor herr Petter heller høyrer heime på Steilneset i Vardø, minnesmerket over hekseforfylgingane i Finnmark på 1600-talet.
Vel, slike bilete høyrer heime i teikneseriane og såpeoperaene. Er det musikalen Which Witch Alfarnes har bruka som kjelde for kunnskap om Petter Dass? Eit visst nivå historisk innsikt må ein kunne forvente. Det er vel ingen som ville finne på å skrive om Snorre og la frie assosiasjonar knytte til overskrifta «vikingtida» styre framstillinga. Var Snorre ansvarleg for åtaket på klosteret på Lindisfarne i 793? Var Snorre i Irland og henta seg friller, til hyggje og utnytting på Island?
Alfarnes set Dass i samband med både skotten John Cunningham, som truleg dreiv fram hekseprosessar i Finnmark, men som døydde i 1651 – då var Dass fire år – og med bybrannen i Oslo i 1624 osb. Sanninga er at Petter Dass ikkje kan knytast til ein einaste hekseprosess. Det han skriv om «hex», er i tråd med det både liberale og strenge prestar skreiv den gongen. Det finst ingenting i bøkene til herr Petter om djevlepakt eller hekser på sopelim.
I Nordlands Trompet nemner Dass ei avretting av ei kvinne i Steigen i 1687. Ho vart dømd for å ha fødd i «dølgsmål» og deretter drepe barnet på grunnlag av utsegner frå eit skrømt – attergangaren til spedbarnet. Det handla altså om ein prosess mot ei kvinne der overnaturlege krefter var ein del av rettssaka. Dass kjem i omtalen av hendinga i Nordlands Trompet med kritikk mot retten som dømde henne – ved domedag vil det koma fram kor feil dei dømde, heiter det i diktet. Historikaren Rune Blix Hagen har skrive innsiktsfullt om prosessen i Årbok for Steigen frå 2008. Der viser Hagen at Dass truleg hadde same syn på saka som prosten i Bodø, Jens a Møinichen, som var kjend som ein motstandar av hekseprosessane.
Petter Dass var ingen feilfri mann. Han var eit barn av si tid, og han var fødd inn i ein overklasse som var høgt heva over bondestanden. Det finst uheldige episodar i livet hans, som kampen mot oppdeling av soknet hans ved å byggje ei kyrkje i Rana. Men som eg viste i kommentaren min, så skil han seg likevel positivt ut i samtida når vi studerer alle sider ved verksemdene hans.