JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Personleg 3-årsjubileum

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2470
20230908
2470
20230908

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

Eg har nett feira eit personleg 3-årsjubileum. For den 26. august 2020 sat eg i glimande einsemd –?med spesialløyve – på ein koronastengd lesesal på Riksarkivet og bladde i ein statsrådsprotokoll. Eg ville gjera meg kjend med ein kongeleg resolusjon frå 24. juli 1935.

Men det hadde ikke vore noko møte i statsråd denne dagen. Regjeringa Nygaardsvold hadde stort sett sommarferie – med i det minste eitt solid unnatak: Forsvarsminister Fredrik Monsen var på plass. Han var til gjengjeld vikarierande statsminister, utanriksminister og handelsminister. I eit intervju med Nationen hadde han skjemta med (får vi tru) at han gjekk med planar om å gjera statskupp og etablere personleg diktatur. Kanskje han hadde gjort det?

I alle fall står det på framsida av det trykte mobiliseringsreglementet som var gjeldande den 9. april 1940, at det var fastsett ved Kgl.res den 24. juli 1935.

Men det var det altså ikkje, fann eg ut. Det hadde ikkje vore noko regjeringsmøte hos kong Haakon denne datoen, om vi skal tru statsrådsprotokollen. Det var i det heile ikkje lagt fram nokon kongeleg resolusjon om nytt mobiliseringsreglement. I alle fall om vi skal tru den offisielle skriftserien Lovdata.

Det som eg elles fann ut denne augustdagen for tri år sidan, var at det var utarbeidd ei ny utgåve av mobiliseringsreglementet. Det skjedde naturleg nok i Generalstabens mobiliseringsavdeling og vart godkjent av Kommanderande General i mai 1935. Det blir innleia med å slå fast at dokumentet er hemmeleg og ikkje må komma i hendene på folk som ikkje høyrer landforsvaret til. Så da undrast eg på om Fredrik Monsen i det heile har sett reglementet. Ville han ikkje da ha måtta stusse over teksten på framsida og gjort noko med det?

Og om ikkje Monsen har sett det, kva så med dei andre statsrådane – da og seinare? Til dømes dei som ifølgje Undersøkingskommisjonen av 1945 trudde at dei hadde vedteke full mobilisering den 9. april, men hadde komme i skade for å vedta stille mobilisering av fire feltbrigadar i Sør-Noreg i staden? Fordi dei ikkje kjende til det mobiliseringsreglementet dei sjølve hadde fremja ved Kgl.res?

Sjølvsagt har eg prøvd å gjera andre kjende med funnet mitt. Men historikarane har til no ikkje forstått kva eg spør om, og redaktørar og bokmeldarar har hatt viktigare ting å skrive om. (Den boka eg har skrive om saka, er ikkje mellom dei.) Men eg får vel berre halde på. Det blir da jubile av det etter kvart.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis