Partiet som møter seg sjølv i døra
Heming H. Gujord skriv i Dag og Tid om Hydro/Lyse si overtaking av Suldal/Røldal Kraft. Som innbyggjar i Suldal, ein kommune som også er påverka av denne overtakinga, las eg innlegget hans med interesse.
Kraftverket i øvre Suldal/Røldal stod ferdig i 1962. Utbyggjaren var Hydro. Føresetnaden var at heimfallsretten skulle gjelda, at verket etter 60 år, altså i 2022, skulle gå tilbake til staten og vertskommunane. Men det sette Solberg-regjeringa ein stoppar for. I 2021 omgjekk regjeringa lova om heimfall og gav det i hovudsak Stavanger-eigde Lyse og det i hovudsak privateigde Hydro løyve til å overta kraftverket, gratis og til evig tid.
I Røldal kallar folk dette eit ran. Høgre, som skylde over landet i kommunevalet, fekk berre 4,5 prosent i Røldal, fortel Gujord. Den prosenten ville truleg ha krympa i betydeleg grad om det hadde vore kjent at Solberg var inhabil i saka. Ein viss sunnmøring, som budde saman med henne i statsministerbustaden, hadde nemleg kjøpt seg opp i Hydro-aksjar på førehand.
Men den røvaren som verkeleg møter seg sjølv i døra i Hydro/Lyse-saka, er partiet med det misvisande namnet Venstre. Det var Venstre som i si tid innførte lova om heimfall for vasskraftverk. I 1909 var justisminister Johan Castberg frå Venstre ein pådrivar for å losa lova igjennom i Stortinget. Høgre var sterkt imot. I 2021 er det næringsminister Iselin Nybø frå Venstre, som, arm i arm med Høgre, avskaffar heimfallsretten i Hydro/Lyse-saka. Det er ein historisk, mange av oss vil seia tragisk, ironi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.