JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om røldølingane var eit urfolk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5070
20231110
5070
20231110

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Valldalen

Den 29. mai 2021 gjekk kollega Håvard og eg på skitur. Vi var lengst inne i Valldalen i Røldal. Målet var Kvessenuten, 1608 moh. Sjølv om sommaren stod for døra, var det framleis godt skiføre i nordsida ovanfor DNT-hytta Middalsbu.

På vegen forbi demninga i Hyttejuvet hadde vi sett eit stort flagg. Det var ikkje så lenge sidan 17. mai, så vi tenkte ikkje så mykje over det. Dammen var godt nedtappa etter vinteren, men vi såg heller opp mot snøhellinga enn ned mot det nedtappa vatnet. Ein gong hadde Valldalen vore eit hyrdelandskap. No var dalen eit av dei øvste magasina i Røldal-Suldal anlegga. Vatnet frå Valldalen hadde gitt kraft til tungindustrien på Karmøy.

Vi måtte bere skia dei par første kilometrane etter at vi parkerte bilen. Men i ei renne langt nede i Laberget møtte vi snøen. Turen opp var fin, og turen ned igjen endå finare. Og no kunne vi ikkje unngå å sjå det. Steingardane strekte seg kilometervis over det som til vanleg låg under vatn. Ein gong hadde det vore bjølleklang, budeier, geiter og kyr her inne. No var det berre stein på stein tilbake. Men denne eine dagen aula det med folk på dei gamle hustuftene. Vi hadde vore på toppen. No gjekk vi ned på botnen for å snakke med folka.

Røldølingane var ikkje vanskeleg å få i tale. Det var dei som hadde hengt opp flagget på demninga i Hyttejuvet, for dei var i grunnen rasande. No hadde det gått nesten 60 år sidan dalen deira blei neddemd. Noko slikt som 18 stølar kom under vatn. Her inne i Valldalen hadde det vore busetting lenger enn nokon kunne hugse. Helleristningar talte sitt eige språk. Stølane hadde gitt mjølk til det nye ysteriet langsmed vegen i Austmannalia. Heile denne kulturen var berre borte. Ein skulle leite godt for å finne geiter i Valldalen og Røldal i dag.

Kva om røldølingane hadde vore eit urfolk? Kva rettar ville dei hatt til å berge den gamle kulturen sin? Og om vinteren var det no så farleg å fare over vatnet at dalen for det meste var avstengd. Her kunne ein berre gløyme å utnytte grunnrettane på moderne vis.

Det var lett å forstå at røldølingane var rasande. Stølane sine hadde dei elles framleis, det var berre det at dei låg under vatn. Sentralmakta hadde tatt rettane deira. Det var ikkje som i gammaltida, då sentralmakta hadde vanskar med å nå inn til fjellbygda. Leivningane etter katolske skikkar og tru heldt seg levande til langt innpå 1800-talet i Røldal. No var det annleis. Verdiane som låg her oppunder Haukeli hadde gitt kraft, utvikling og velstand til storsamfunnet. Fortente då ikkje dei som budde her at noko meir skulle falle tilbake på dei?

Fallrettane til vasskrafta blei eit salsobjekt så snart teknologien var der for å utnytte dei. Lure oppkjøparar gardfór bygdene, og det var ikkje berre bygdetullingar som lét seg lure. Då utbyggingane kom i gang, var det trong for kapital utanfrå. Etter måten var Noreg eit fattig land. Men politikarane våre var kloke. Dei vedtok konsesjonslover og heimfallsrett for å trygge statleg kontroll over vasskrafta. Når konsesjonen går ut, skal eigedomsretten falle tilbake på staten. Heimfallsrett. Det er eit ord som smakar godt. Det er ikkje makta som gir rett. Retten er knytt til heimen, til det lokale og til folket. Det er slik det bør vere.

Dette var det røldølingane på tuftane der inne i Valldalen hadde venta på i 60 år. I 2022 skulle heimfallet endeleg tre i kraft. Då kunne det bli mogleg å sjå på vilkåra for konsesjonen på nytt. Kanskje kunne ein i det minste få inn krav til minstevassføring i elva. Så var det berre det at nokon hadde fått ein lur idé. Ved å slå saman Hydro og det interkommunale selskapet Lyse ville ein unngå at eigarskapet fall heim til staten. Så kunne ein berre halde fram nett slik som ein hadde gjort i 60 år, som om det ikkje fanst nokon heimfallsrett i det heile.

Vi hadde ein vedunders vakker skitur denne dagen. Men om utsynet frå Kvessenuten var vakkert, gav innsynet frå botnen av Valldalsvatnet ein beisk ettersmak. Her hadde makta fått rett. Ein gong hadde vi kloke politikarar som vedtok lover for å trygge statleg kontroll over evige verdiar. Men no hadde luringane flytta inn i departementa og funne seg krokvegar rundt lovgivinga. Og lurast av dei alle var dei som kjøpte aksjar i Hydro nett før avtalen mellom Hydro og Lyse blei underteikna.

Som romsdaling må eg undertrykke alt eg har av nedervde fordommar når eg veit at det sat ein sunnmøring tett innpå statsministeren og gjorde lure pengar på aksjekjøp i Hydro. Dette tenkte dei ikkje på, Johan Castberg, Gunnar Knudsen og dei andre som kjempa fram konsesjonslovene. Lovene verna oss mot kapitalen utanfrå. Mot luringar frå innsida finst det knapt noko vern. Og lure politikarar er endå mykje verre enn lure aksjespekulantar. Det er politikken som er hovudproblemet i denne saka, ikkje moglege lovbrot på individnivå.

Høgre vann valet i 2023. I Røldal fekk dei 4,5 prosent. Nokon burde skamme seg, men det kjem dei ikkje til å gjere.

Heming H. Gujord er professor ved Universitetet i Bergen og hytteeigar i Øvlandsstølen i Røldal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis