Ordskifte
Palestinske område
Den israelske busettinga Maale Adumim på den okkuperte Vestbreidda.
Foto: Ronen Zvulun /File Photo / Reuters / NTB
Dag T. Elgvin spør kva for folkerettstraktat eg syner til når eg hevdar at Israel stadig byggjer nye busetjingar på palestinsk område. Elgvin meiner at busetjingsområda ikkje tilhøyrer palestinarane.
At områda er okkuperte, går fram av Tryggingsrådets resolusjon 242 frå 1967. Denne resolusjonen slår fast at Israel skal trekkja seg tilbake frå dei okkuperte områda etter seksdagarskrigen i 1967 (Gaza, Vestbreidda (inkluderte Aust-Jerusalem), Golanhøgda og Sinai). På dette grunnlaget har både Tryggingsrådet og FNs generalforsamling definert Palestina som eigen stat og godteke Palestina som obeservatørstat i FN.
Elles har det vore brei internasjonal semje om at grensene til Israel er våpenkvilelinene frå 1949. Dette låg òg til grunn for Oslo-prosessen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.