På loven sit juristen med sin paragraf
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ei av dei sterkaste sidene ved det amerikanske demokratiet er offentlege høyringar og den showarta framvisinga av motsetningar innan politikk og styringsverk. Gjennom det internasjonale mediehegemoniet blir interne stridigheiter til fengande politisk verdsteater. Ikkje minst utnemninga av nye høgsterettsdommarar utartar til sterke rettssalsdrama på fjernsynet. Slik får verda innsyn i saksgangen fram til utnemninga av nye medlemmer i den høgaste retten. Presidenten føreslår kandidatar, som med retorisk bravur blir grilla og godtekne eller avviste gjennom komitéhøyringar i senatet.
Sannsynlegvis er også advokat Øivind Østberg (Dag og Tid 16. september) einig i at både den amerikanske presidenten og senatorane er politisk valde. Utnemninga av høgsterettsdommarar er igjen direkte underlagd det til kvar tid herskande politiske fleirtalet. Vidare er makta til å utnemna dommarar på livstid sett på som det mest varige politiske stempelet ein president kan etterlata seg. Her liknar USA på seinare tids utvikling i land som Polen og Ungarn.
Polariseringa av kulturkrigen mellom demokratar og republikanarar gjorde utnemningane til høgsterett særleg omstridde under president Trump. Om Donald Trump kan ein seia mykje, men ikkje at han er upolitisk, heller ikkje at han var den første til å trumfa gjennom politiske utnemningar. At amerikansk høgsterett er gjennompolitisert, er truleg den minst kontroversielle setninga eg nokon gong vil vera i stand til å skriva. Lat meg heller forsterka påstanden eit hakk: Utnemning av amerikanske høgsterettsdommarar er ikkje berre politisk, men partipolitisk overstyrt. Med god grunn blir det brukt sterke ord om den juridiske juntaen som i dag har livsvarig makt til å overprøva folket i val.
Den amerikanske grunnlovsmetafysikken gjer at lovverket alltid har spelt ei overdimensjonert rolle i politikken. Ved å vedta nye lover for finansiering av valkampar har den politiserte høgsteretten forsterka den nyliberale vendinga og på dramatisk vis svekt den folkestyrte delen av det kapitalistiske demokratiet.