Fløgstad bommar om høgsteretten i USA

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kjartan Fløgstad blir intervjua i Dag og Tid 19. august og trekker der fram den amerikanske høgsteretten som eit «skrekkeksempel» på kva som skjer under den «nyliberale økonomien», når «politikken dreg seg tilbake». Denne domstolen er «gjennompolitisert» seier han, «med dommarar som har fullmakter på livstid til å avseie sine politiske dommar». Det som er rett, er at amerikanske dommarar kan verte sitjande i embetet sitt til dei døyr. Elles er det feil.

Det ein kan kalle den amerikanske høgsterettens politiske dimensjon, heng ikkje saman med ein påstått «nyliberal økonomi». USA har lenge gått i retning av å verte stadig meir byråkratisk og offentleg regulert, jf. 25.-plassen på siste rangeringa til Index of Economic Freedom.

Det politiske preget følgjer av at domstolen har til oppgåve å tolke og anvende grunnlova på dagsaktuelle rettslege spørsmål, noko som har vore ein del av det amerikanske styringsverket sidan 1789. Når ein ny president vert innsett, sver han, med handa på Bibelen, to «preserve, protect and defend the Constitution». Grunnlova, med dei sentrale fyrste 10 tillegga («amendments»), speglar den ideologien som den amerikanske republikken vart tufta på, mellom anna med eit sterkt vern for individet mot staten og klår maktfordeling. Dette gjev opphav til rettslege tvistar.

Det er lett å tru at Fløgstad med sin sveipande kritikk har i tankane dei tre Trump-utnemnde dommarane, og særleg dei tre avgjerdene frå juni i år som vekte så stor oppsikt. Den eine av desse er i røynda eit døme på at dommarane tok eit politisk spørsmål som tidlegare var gjort til «juristmat», og gav det attende til dei folkevalde. Det gjeld avgjerda der høgsterett med 6 mot 3 stemmer konkluderte at Roe v. Wade-dommen frå 1973 som sa at fri abort fylgde av grunnlova – ikkje kunne oppretthaldast av di han tvillaust var feil. Grunnlova har ikkje nokon artikkel som kan tolkast slik, og resonnementet som søkte å grunngi noko anna, var «exceedingly week», som dommar Alito skriv.

Fleirtalets eksplisitt ikkje-politiske tilnærming vart uttrykt særleg klårt av dommar Kavanaugh: «The issue before the Court is not the policy or morality of abortion. The issue (...) is what the Constitution says about abortion.»

Konsekvensen er at abortspørsmålet no er opp til kvar delstat å regulere, med andre ord dei folkevalde.

Ein annan dom gjaldt delstatane si makt til å regulere retten borgarane har til å bere våpen. Her er det eit grunnlovstillegg kor det heiter «(...) the right of the people to keep and bear Arms, shall not be infringed». Fleirtalet (6­–3) kom til at den regelen som delstaten New York hadde innført, ikkje var i samsvar med det andre grunnlovstillegget av di han sette krav om å syne til ein konkret trong («proper cause») for å kjøpe våpen.

Retten til å bere våpen inngår blant grunnlovas «Bill of Rights» og er ikkje ein andreklasses rett som berre kan utøvast når styresmaktene finn at det er tilstrekkeleg god grunn til det.

Om det syn at domstolen må gjere ei interesseavveging, har retten følgjande kommentar:

«The Second Amendment is the very product of an interest balancing by the people and it surely elevates above all other interests the right of law-abiding, responsible citizens to use arms for self-defense.»

Justitiarius Roberts uttala nyleg, i høve kritikken av mellom anna desse to avgjerdene, at høgsterett må fokusere på at deira rolle er å tolke grunnlova. Det er ikkje dei politiske styresmaktene som skal fortelje kva lova seier, og heller ikkje opinionen. Slik snakkar ikkje leiaren for ein «gjennompolitisert» domstol.