Oppvekst i Josefines gate 12?

Nils Collett Vogt.
Nils Collett Vogt.
Publisert

Professor Hans H. Skei stussar litt i Dag og Tid over påstanden til Jan Erik Vold om at Nils Collett Vogt «voks opp i Josefines gate 12». Det kan han godt gjera. For i sjølvbiografien Fra gutt til mann seier Collett Vogt at det i dei første leveåra var i «tykkeste byen». Men vi får ikkje vita nøyaktig kvar.

Det eg fann ut om dette då eg skreiv hovudfagsavhandlinga mi for snart 60 år sidan, var at bustadadressa til han og foreldra hans var Torggata 11. Kjelda mi var «Telegrafverkets Veiviser for Christiania By 1871. Christiania. Det Lehmanske Forlag og Tryk». Eg kom over denne adressekalenderen på Deichman bibliotek. Etter det han sjølv opplyser, flytta dei til Ullevålsveien i 1870. Så kalenderen er ikkje heilt a jour, vil eg tru.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement