Oppvekst i Josefines gate?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det var ei glede at Jan Erik Vold henta fram eit dikt av Nils Collett Vogt i Dag og Tid nr. 42 og fekk fram det sentrale ved diktet i ein kort tekst. Men eg stussa litt der han skriv at «Han voks opp i Josefines gate 12».

Det er lett å forstå at han seier dette, for i diktet blir Josefines gate kalla «min barndoms stille gate», og seinare kjem uttrykk som «din barndoms undring og din ungdoms tro» knytt til minnet om denne gata. Faren fekk rett nok bygd seg ein staseleg villa i nummer 10, og familien flytta inn i 1878, då Nils var 14 år. Men voks han opp der, var dette verkeleg barndommens gate? Familien budde «på landet» – utanfor bygrensene – frå Nils var seks år til dei kom til byen att i 1875. Som 60-åring vandrar Nils på gjengrodde stigar og møter seg sjølv som ung – no meir forklåra, lett resignert, kanskje, men òg forsona, slik Vold skriv. Josefines gate var ikkje barndommens gate, men det var her han levde gjennom dei viktige og formative ungdomsåra – han som var «et ektefødt barn av sin tid» – radikal og i opposisjon til alt og alle, ikkje minst sin eigen far og alt i den samfunnsklassen familien høyrde til i. Diktet tek seg altså nokre fridomar, eller minnet gjer det. Men så er det vel nettopp slikt det blir dikting av.