Ope brev til regjeringa
Forfattaren Arnulf Øverland. Forfattaren Arnulf Øverland.
Foto: Age Storløkken Aktuell / NTBFoto: Age Storløkken Aktuell / NTB
Då Arnulf Øverland (1889–68) kom heim frå opphaldet i tysk konsentrasjonsleir, sa han noko som er verdt å merka seg til ettertanke: «Vi har gjennemlevet en prøvetid på 5 år, og vi har holdt den ut. Det norske folk tålte den. Det skyldes blant annet en del diktere, hvis arbeide har båret frukt gjennem lange tider, men aller mest i disse fem årene.»
Så nemnde han Henrik Wergeland, Ivar Aasen, Asmund Olavsson Vinje, Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Arne Garborg, Per Sivle og fleire. Desse diktarane har gjeve oss dei fleste av songane i det som er kalla «songskatten». Øverland tenkte nok òg på salmeskatten; han var svært glad i Blix-salmen «No livnar det i lundar».
Songane og salmane hadde bygt nasjonen og gjeve folket ein åndeleg ballast og ei sunn nasjonalkjensle.
Dei som levde i krigsåra hadde med seg ei åndeleg nistepakke frå skulen som gav dei styrke til å tola okkupasjon. Når det i desse dagar atter er tale om krig, kan ein spørja: Kva fær dei unge med seg frå skulen i våre dagar – når dei gamle, kjende skulesongane ikkje vert sungne, og salmar ikkje lenger kan syngjast i skulen.
For om lag tjuge år sidan vart det i ein kronikk i Norsk skuleblad klaga over «alle de salmene og sangene som de fleste av oss ’norske’ voksne har klebet til hukommelsen». Forfattaren var den skulepolitiske talsmannen for Human-Etisk Forbund.
«Vi reiser tomhendt en dag, du skal også av sted – berike ditt hjerte, så du kan ha noe med!» seier Øverland i diktet «Loven». Kva er det dei unge fær med seg frå skulen i dag som «beriker hjertet»?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.